HeimNyheiterTar i bruk Moderna-vaksinen i Alver

Tar i bruk Moderna-vaksinen i Alver

Frå veke 35 vil Alver kommune bruke både Moderna og Pfizer i koronavaksineringa.
Publisert: 27.08.2021
Sist endra: 27.08.2021

Frå og med massevaksinasjonen i Nordhordlandshallen 1. september vil Alver kommune tilby ein kombinasjon av dei to vaksinetypane.

­– Innbyggjarane får tilbod om vaksinen som er tilgjengeleg den dagen dei kjem, og kan ikkje velje vaksinetype, forklarar leiar for koronasenteret, Reidun Sæbdal.

I tida framover vil mange av dei som fekk Pfizer som dose 1 få tilbod om Moderna som dose 2. Dette er i tråd med anbefalingane frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Unntaket er for 16- og 17-åringane, som førebels berre skal ha Pfizer-vaksinen.

Moderna-vaksinen har allereie vore i bruk i fleire kommunar på Austlandet sidan vaksinasjonen starta i vinter. I Storbritannia og Canada har dei i fleire månadar kombinert dei to vaksine-typane. Erfaringane visar at det å få same type vaksine på begge dosane gir same verknad som ein kombinasjon av dei to.

Les meir om vaksinasjon med to ulike vaksinetypar på nettsida til FHI.

Les meir om koronavaksineringa i Alver kommune.