HeimNyheiterTemakafe for kreftråka, pårørande og etterlatne

Temakafe for kreftråka, pårørande og etterlatne

Er du eller nokon du kjenner råka av kreft? Då kan temakafeen kanskje vere noko for deg.
Publisert: 30.09.2021
Sist endra: 30.09.2021

Temakafeen er ein uformell møtestad for både kreftpasientar, pårørande og etterlatne. Vi tek opp kreftrelaterte tema, og byr på kulturelle innslag. Velkommen innom for ein kopp kaffi og ein matbit og hyggjeleg samtale med andre som har erfaring med kreft.

Datoar for hausten: 

6. oktober: Anne Hildegunn Færøy og kreftkoordinator Anne Britt Hauge vil prate om tilbod og bruk av Helsehuset.

3. november: kreftrelatert tema

1. desember: Juletid. Følg gjerne Temakafe Nordhordland på Facebook.

Tid:

Klokka 17.00 - 19.00

Stad:

  • Region Nordhordland Helsehus, Knarvik, 6.etg.
    Kvassnesvegen 40
    5914 Isdalstø

Med atterhald om endringar i programmet.

For oppdatert program, trykk her og sjå kreftforeningen sin oversikt