HeimNyheiterKoronaråd for påskeferien

Koronaråd for påskeferien

Har du tenkt deg på påskeferie? Då er det viktig at du føl nasjonale smittevernråd og -reglar.
Publisert: 22.03.2021
Sist endra: 22.03.2021

Påskeferien nærmar seg. Det er viktig å følgje nasjonale og lokale råd og reglar for å hindre smitteauke.

  • Det overordna reiserådet er det same som før: Unngå alle unødvendige reiser. 
  • Personar som er busett i område med lågt smittetrykk må vere tilbakehaldne med reiser til hardare råka område. Dei bør til dømes ikkje reise på besøk til familie i desse områda.
  • Personar som bur i område med høgt smittetrykk og strenge lokale smitteverntiltak, bør ikkje reise til kommunar med lågare smittetrykk.
  • Studentar som bur andre plassar i landet kan reise heim til familien, men det bør i hovudsak gjelde studentar som bur åleine. Studentar som er etablert meir permanent andre stader i landet, med familie, bør følgje dei same råda som befolkninga elles.
  • Besøk på hytta bør avgrensast til personar frå eigen husstand. Reisa til og frå hytta bør gjerast utan å stoppe for å nytte seg av servicetilbod langs vegen, og naudsynte innkjøp til opphaldet bør gjerast i heimekommunen. Det generelle rådet er så mykje som mogleg å avgrense kontakt med andre under reisa og i vertskommunen eller den kommune som hytta ligg i.
  • Og sjølvsagt: personar som er sjuke, i karantene eller venter på prøvesvar bør halde seg heime og ikkje reise på hytta eller andre stadar.

Vi minner om at råda kan endre seg dersom smittetrykket vert endra nasjonalt eller lokalt, hald deg difor oppdatert ved å følgje lenkene under: 

Trykk her for konkrete råd for påskefeiren i koronarettleiaren til helsedirektoratet

Trykk her for i pressemeldinga frå regjeringa om korleis påska 2021 kan tilbringast

Trykk her for NHO Reiseliv sin rettleiar for campingplassar

Trykk her for statsforvaltaren sine tilrådingar til påskeferien