HeimNyheiterTo avdelingar i ventekarantene

To avdelingar i ventekarantene

To personar i Juvikstølen barnehage er nærkontaktar til ein som har fått påvist koronavirus.
Publisert: 26.04.2021
Sist endra: 26.04.2021

– Vi stenger to avdelingar, og rår barn og vaksne på desse avdelingane til å vere i ventekarantene til og med tysdag 27. april, fortel tenesteleiar for barnehage, Mona Hagewick.

Styrar i barnehagen har informert foreldre med barn i barnehagen, både dei som må halde seg heime og dei som kan komme til barnehagen som normalt.

– Barnehagen sender oppdatert informasjon tysdag 27. april, fortel Hagewick.

Fem nye tilfelle i helga

Alver kommune har fått fleire prøvesvar gjennom helga. Sidan fredag ettermiddag har fem nye fått melding om positive prøvesvar. Alle fem er nærkontaktar til andre med påvist smitte.

– Vi ser at vi ofte får positive prøvesvar hos nærkontaktar, og ofte er det den andre testen i karanteneperioden som blir positiv. Dette understrekar kor viktig det er å følgje karantenereglane og sikre at ein gjennomfører begge testane, seier kommuneoverlege Terese Folgerø.

Ho ber alle om å vere merksame på symptom i karantenetida, og ta kontakt for ein ekstra test.

 

Trykk her for å gå til sida med siste nytt om koronasituasjonen i Alver kommune.