HeimNyheiterTre nye positive koronaprøvar i Alver

Tre nye positive koronaprøvar i Alver

 Vedkommande var nærkontakt til ein av dei som tidlegare har testa positivt og var derfor i karantene på testtidspunktet, fortel kommuneoverlege Terese Folgerø.

Smittesporinga viser at ingen av personane knytt til Knarvik ungdomsskule har blitt smitta på skulen, dei har blitt smitta i andre samanhengar.

 Elevar og lærarar i Alver legg ned ein utruleg god innsats kvar dag for å oppretthalde gode smittevernrutinar. Vi er glade for å sjå at smitteverntiltaka ved skulane våre har god effekt, seier Kristin Moe, kommunalsjef for oppvekst i Alver kommune.

Ingen kjent smittesamanheng

Måndag 19. april kom to nye positive prøvesvar i Alver.

 Vi held på med smittesporing av desse no, og det er førebels ingen kjent samanheng med smitta knyt til Knarvik ungdomsskule. Dei to personane var ikkje i karantene då prøvane blei tatt, men begge er no i isolasjon, seier Folgerø.


Sist oppdatert: 19.04.2021
Publisert: 19.04.2021