HeimNyheiterTusen takk for innsatsen!

Tusen takk for innsatsen!

Alle som har vore involverte i arbeidet med koronavaksineringa i Alver var inviterte til markering på gamle barneskulen i Alversund 6. april.
Publisert: 07.04.2022
Sist endra: 11.04.2022

– Det er lagt ned eit fantastisk arbeid for å vaksinere innbyggjarane våre. Både frå frivillige lag og organisasjonar, samt helsepersonell og tilsette frå andre avdelingar i kommunen. Tusen takk til dykk alle, sa leiar for koronasenteret i Alver, Reidun Sæbdal, og gav ordet vidare til ordførar Sara Hamre Sekkingstad.

Ordføraren tok dei frammøtte med tilbake til første stikk som vart sett i kommunen.

– 5. januar 2021 var ein merkedag for Alver og Vestland. Då fekk Svein, som første innbyggjar i Alver og Vestland, dose nummer èin av Pfizer-vaksinen.

Koronavaksineringa har vore ein suksess, slo ordføraren fast, og trakk fram nokre av tilbakemeldingane som har kome frå alverbuen på Facebook.

"Veldig bra opplegg! All honnør til dei som jobbar der, det gjekk på skinner! Det var så mange dyktige folk i sving som losa oss rundt frå vi kom inn i lokalet til vi gjekk ut ferdig vaksinert. Sosialt var det òg, faktisk den mest sosiale happeningen på over eitt år!"

Eit godt samarbeid

For å vaksinere alverbuen har om lag 120 tilsette i kommunen vore i sving. I tillegg har 60 eksterne vaksinatørar sørga for registrering og vaksinering med både dose èin, to og tre til innbyggjarane. Røde kors har vore på plass med over 20 frivillige, og frå Nordhordland Rotaryklubb har 32 frivillige bidratt. Dei har mellom anna sørga for at logistikken har gått på skinner når alverbuen har fått koronavaksinen.

Det har også vore med personell frå bedriftshelsetenesta, apotektenesta og nokre frå vikarbyrå.

– Eg vil rette ein stor takk til alle dykk som har bidratt til at koronavaksineringa vart ein suksess! Dykkar positive innstilling og store innsats har vore avgjerande, sa kommuneoverlege Terese Folgerø.

Det er sett om lag 60 000 vaksinedosar i Alver kommune frå januar 2021 til i dag, fortalte kommuneoverlegen som rosar samarbeidet.

– Dette har vore ei spanande reise, med stadige endringar i oppdraget. Grunnen til at vi har kome dit vi er i dag, er det gode tverrfaglege og tverrsektorielle samarbeidet, godt humør, kreativitet og fleksibilitet. Godt samarbeid mellom ulike personar og avdelingar i kommunen, og godt samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, har vore avgjerande.

Sidan vaksineringa starta i januar 2021 har 92% av innbyggjarane over 16 år fått èin dose, 90% av dei over 16 år har fått dose to og 67% av dei over 18 år har fått den tredje dosen.

Meiningsfullt å bidra

Med på markeringa var også mange av dei frivillige frå Nordhordland Rotaryklubb og Røde Kors.

Margareth Fjeldsbø som er med i Røde Kors, er ein av dei som har stått i døra i Nordhordlandshallen og tatt imot alverbuen som kom for å vaksinere seg.

– Det har vore veldig kjekt og meiningsfullt å vere med på dette, og eg savna det når det var over!

Dette er Vivian Kårbø, leiar i Nordhordland Rotaryklubb einig i.

– Vi har vore med frå april i fjor til januar i år, så det varte jo lenger enn vi alle trudde. Men det har absolutt vore ein svært givande dugnad. Folk takka oss når dei kom, og takka når dei gjekk. Det var også til dels krevjande innimellom, men mest av alt utruleg kjekt å vere med på! 

Frivillige frå Nordhordland Rotaryklubb

Frivillige, tilsette i Alver kommune og ordføraren