HeimNyheiterUkraina og vår beredskap

Ukraina og vår beredskap

Alver kommune får ein del spørsmål frå innbyggjarar om korleis vi skal forhalde oss til krigen i Ukraina. Her finn du informasjon om noko av det vi har fått spørsmål om.
Publisert: 03.03.2022
Sist endra: 08.03.2022

Justis- og beredskapsdepartementet har i skrivande stund ikkje gått ut med endra trusselbilde for Norge som følgje av krigen i Ukraina.

Forståeleg nok er det likevel mange som er engstelege for at dette skal endre seg. Då vil vi vise til dei generelle råda for eigenberedskap.

Jodtablettar

Mange spør oss om jodtablettar. Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA) seier det er lite truleg at krigen i Ukraina vil gi behov for jodtablettar. Uavhengig av situasjonen i Ukraina anbefaler DSA alle under 40 år å ha jodtabletter lagra heime. Hovudgrunnen til det er at atomubåtar og atomisbrytarar jamleg seglar langs norskekysten.

DSA anbefaler at kommunen i tillegg har jod til personar under 18 år, gravide og ammande. Alver kommune har eit lager med jodtablettar, og har bestilt fleire frå Helsedirektoratet. Desse tablettane skal vere tilgjengeleg der born og unge oppheld seg, også på dagtid, som til dømes på skular, i barnehagar og på institusjonar.

Jodtablettar beskytter berre mot radioaktivt jod, og ikkje mot andre radioaktive stoff. Jodtablettar skal berre nyttast dersom beredskapsmyndigheiter gir beskjed om det. Då vil det komme anbefalingar i media og via DSA. Statsforvaltaren i Vestland har god informasjon om dette.

Andre tryggleikstiltak

Dersom eit av Ukraina sine atomkraftverk skulle bli skada, kan radioaktivt nedfall finne vegen til Norge. Då kan andre tryggleikstiltak verte aktuelle, som at folk blir oppmoda til å halde seg innandørs. I så fall vil det i god tid komme informasjon om tiltak.

Tilfluktsrom

Som nemnt er det per no ingen varsel frå sikkerhetsmyndigheiter om auka trussel mot Norge. Om du ynskjer å setje deg inn i kvar du finn tilfluktsrom, kan du finne informasjon og kartoversikt her.

Datatryggleik

Nasjonal sikkerhetsmyndigheit (NSM) forventar auka risiko for cyberangrep mot norske verksemder og institusjonar. Cyberoperasjonar retta mot ukrainske mål, kan også få indirekte konsekvensar for norske verksemder.
NSM anbefaler at verksemder og institusjonar er ekstra påpasselege for slike aksjonar.

Som privatperson kan du vere ekstra påpasseleg med kva du klikkar på i e-post-vedlegg, sosiale medier og på usikre nettsider. Følg generelle råd for datatryggleik.

Nokon å snakke med

Dersom du har bekymringar eller treng nokon å snakke med, finst det hjelpetilbod i Alver kommune, og hjå andre. Snakke med familie, vener eller kolleger. Du kan og ta kontakt med fastlegen din.

På helsenorge.no finn du fleire chat- og telefontenester der du kan snakke anonymt.

Utdanningsdirektoratet sine nettsider finn du gode råd om korleis ein kan snakke med barn og unge om kriser.

Korleis kan du hjelpe

Innbyggjarar spør også kva ein kan gjere for å hjelpe Ukraina. Mange humanitære organisasjonar er i gang med å hjelpe ukrainarar. Vi oppmodar til å følgje med på nyhende og andre informasjonskanalar dersom du ynskjer å hjelpe.

I Alver har vi medborgarar frå Ukraina og Russland som no opplever angst og uro. Ingen av våre innbyggjarar skal oppleve å verte offer i ein politisk maktkamp på grunn av sitt opphav eller statsborgarskap. Særleg utsett er born og unge som kan bli mobba, Alle vaksne – anten dei er foreldre, lærarar eller besteforeldre – har eit spesielt stort ansvar for korleis ein snakkar om det som skjer i Ukraina når barn er til stades, og korleis ein uttrykkjer seg i sosiale medium.