HeimNyheiterUtmerka vasskvalitet ved badeplassane

Utmerka vasskvalitet ved badeplassane

Skal du bada i sommar? Det kan du trygt gjere etter at vassprøver av 42 badeplassar i Nordhordland og Gulen syner utmerka vasskvalitet.
Publisert: 09.06.2021
Sist endra: 09.06.2021

Det var miljøretta helsevern som i mai tok ut vassprøver ved 42 badeplassar i Nordhordland og Gulen. Alle badeplassane som vart undersøkte hadde utmerka vasskvalitet.

Det har vore ei reduksjon av vassprøver frå tidlegare år etter utført risikokartlegging. Badevasskvaliteten er vurdert etter «EUs badevannsdirektiv».

Undesøkjingane inkluderte mellom anna søk etter e.coli for å kontrollere eventuelle kloakkutslepp. EU sine kvalitetsnormer vurderer friluftsbad etter kategoriane utmerka, god, tilstrekkeleg, eller dårleg.

Resultata ved våre badeplassar syner at det ikkje er funne bakteriar som kan tyde på utslepp frå kloakk eller liknande.

Trykk her for meir informasjon og oversikt over badeplassane som er undersøkt