HeimNyheiterRedusert framkomst på fv.57 Gymnasbakken

Redusert framkomst på fv.57 Gymnasbakken

Vestland fylkeskommune vil frå onsdag 6. oktober starte på reinsking og sikring av skjering på fylkesvegen i Gymnasbakken.
Publisert: 30.09.2021
Sist endra: 30.09.2021
  • Arbeidet vil gå føre seg på dagtid då det vil kome ein del støy frå borearbeidet.
  • Eit kortare strekk i eine felt inn mot skjering blir stengt frå kl. 08.30-15.00
  • Frå kl.17.00-21.00 kan vegen bli heilt stengt inntil 30 min. Utrykkingskøyretøy og buss i rute får passere.
  • I rushtida mellom 15:00-17:00 vil vegen vere heilt open.
  • Sikringsarbeidet vil gå over 3-4 veker. Det blir manuell dirigering på staden.

Kart som syner kor det vil bli redusert framkomst