HeimNyheiterVaksine til alle over 18 år før skulestart

Vaksine til alle over 18 år før skulestart

Alver kommune treng ikkje å endre rekkefølgja på vaksineringa for å sikre at tilsette i skular og barnehagar får første dose før skulestart
Publisert: 25.06.2021
Sist endra: 25.06.2021

Denne veka opna regjeringa opp for at kommunane kan vurdere om tilsette i skular og barnehagar skal få komme før i vaksinekøen.

– Dette er ikkje nødvendig hos oss. Med dei leveransane FHI har varsla gjennom sommaren, vil alle innbyggjarar i Alver som er født i 2003 og tidlegare få tilbod om første dose før skulane startar att i august, seier kommuneoverlege Terese Folgerø.

Justerer vaksineplanen

Etter dei siste prognosane om leveransar i sommarvekene, må kommunen gjere nokre justeringar på vaksineplanen sin.

– Vi får færre dosar enn tidlegare meldt i veke 27 og 28, og må difor flytte ein del som har fått time til dose 1 i desse vekene. Vi tar kontakt med alle dette blir aktuelt for, med tilbod om nytt tidspunkt, fortel kommuneoverlegen.

2000 ekstra dosar

Det er fleire grunnar til at kommunen klarar å gi eit tilbod til alle over 18 år i løpet av sommaren.

– Det dyktige helsepersonellet vårt er ein del av forklaringa. Dei har henta ut ein ekstra dose av dei fleste hetteglasa vi har fått med Pfizer-vaksine. Hittil har dette gitt Alver meir enn  2000 ekstra dosar, og gjer at vi har kome langt med vaksineringa i Alver, forklarar kommuneoverlegen.

Vil du ha koronavaksinen?

Trykk her for å lese meir om korleis du registrerer deg i helseboka.