HeimNyheiterOppdatert: Vassleidningsbrot i Austmarka er reparert

Oppdatert: Vassleidningsbrot i Austmarka er reparert

Etter gode prøveresultat i samband med vassleidningsbrotet ut frå Olsvoll høgdebasseng, er no kokevarselet oppheva.
Publisert: 16.04.2022
Sist endra: 21.04.2022

Oppdatering torsdag 21. april

Kommunen har fått gode prøveresultat av vatnet etter at vassleidningsbrotet ut frå Olsvoll høgdebasseng vart reparert.

Kokevarsel er oppheva og vatnet kan brukast som normalt. 

Oppdatering onsdag 20. april klokka 16

Vassleidningsbrotet er reparert. Det er tatt vassprøvar og vi ventar svar på desse i morgon, torsdag 21. april. Kokevarsel gjeld framleis. 

Oppdatering onsdag 20. april

Grunna utfordringar med reparasjon av vassleidningsbrotet ut frå Olsvoll høgdebasseng, er vatnet i områda Olsvoll, Sæbø, Austmarka og Storsandvik framleis stengd.

Vi beklagar ulempene det medfører. Det blir jobba med å få vatnet tilbake så snart som mogleg.

Når vatnet er tilbake, kan det vere misfarga og innehalde luft. Vi anbefalar då at du tappar vatn frå første tappestad, etter hovudkrana, til vatnet er klart og utan luft.

Kokevarsel er framleis gjeldande.

Oppdatering sundag 17. april

Grunna vassleidningsbrot ut frå Olsvoll høgdebasseng, vil trykk og vassmengde variere i området mellom Olsvoll, Sæbø, Austmarka og Storsandvik.

Brotet ligg vanskeleg til, så arbeidet med å utbetre feilen vil ta nokre dagar. 

Vi har lagt ut ein mellombels vassleidning forbi brotet. Men grunna mindre dimensjon på denne vil det vere varierande trykk og vassmengde. 

Oppdatering sundag 17. april

Grunna vassleidningsbrot ut frå Olsvoll høgdebasseng er vatnet i området mellom Olsvoll, Sæbø, Austmarka og Storsandvik stengd søndag 17. april til kokka 18.15. Det blir jobba med å utbetre lekkasjen. 

Når vatnet er tilbake, kan det vere misfarga og innehalde luft. Vi anbefalar då at du tappar vatn frå første tappestad, etter hovudkrana, til vatnet er klart og utan luft.

Oppdatering laurdag 16. april 

Kokevarsel på kommunalt vatn i området mellom Olsvoll, Sæbø, Austmarka og Storsandvik. Kokevarselet gjeld til melding om oppheva kokevarsel kjem. 

Melding laurdag 16. april

Vatnet i området mellom Olsvoll, Sæbø, Austmarka og Storsandvik er stengd laurdag 16. april 2022.

Vatnet er stengd til klokka 18.00.

Når vatnet er tilbake, kan det vere misfarga og innehalde luft. Vi anbefalar då at du tappar vatn frå første tappestad, etter hovudkrana, til vatnet er klart og utan luft.