HeimNyheiterVelkommen til kurs for pårørande til personar med demenssjukdom

Velkommen til kurs for pårørande til personar med demenssjukdom

Ytre Nordhordland Demensforening i samarbeid med Alver kommune, arrangerer kurs for pårørande og nære venner til personar med demenssjukdom.
Publisert: 03.03.2022
Sist endra: 03.03.2022

Erfaring har vist at noko av det som vert mest etterspurt i ein slik situasjon, er kunnskap om sjukdomen og korleis takle kvardagen. Vi tek sikte på 5 samligar der kvar samling er lagt opp med ein time førelesning,1/2 time pause og deretter ein time oppfølgingssamtale i gruppe. Målsetting for gruppesamtalane er drøfting av dagens tema og å utveksle erfaringar som pårørande.

Datoar for samlingane er:

  • 15.03.22
  • 22.03.22
  • 29.03.22
  • 19.04.22
  • 26.04.22

Tema som vil bli presentert:

  • Demenssjukdom – sjukdomslære
  • Pårørande si rolle og eigenomsorg
  • Kommunikasjon med personar med demens
  • Kommunale tilbod – Hjelpeapparatet
  • Pårørande og psykisk helse


Lokalisering: Helsehuset i Knarvik, 6 etg.

Tidspunkt: 18 – 20.30

Påmeldingsfrist: 11.03.22. Ein samla pris for deltaking på dei 5 samlingane er sett til 300 kr.

For påmelding/ informasjon kan ein ta kontakt med kommunepsykolog i Alver:

John Petter Wadseth - tlf. 94 51 18 54 eller e-post: johnpetter.wadseth@alver.kommune.no