HeimNyheiterVelkommen til opning av ny sykkelveg i Knarvik

Velkommen til opning av ny sykkelveg i Knarvik

Torsdag 5. mai opnar ordføraren den nye sykkelvegen frå Helsehuset til Såtabu.
Publisert: 25.04.2022
Sist endra: 03.05.2022

Opning av sykkelvegen er ein del av eit Sykle til jobben-arrangement.

Møt opp på torget ved Helsehuset i Knarvik torsdag 5. mai klokka 17.00 – 19.00. 

Arrangementet er gratis og ope for alle. Sykkelvegen er delfinansiert gjennom Miljøløftet, og arrangementet er eit samarbeid mellom kommunen og Miljøløftet.

Program:

  • Offisiell opning av den nye sykkelvegen frå Helsehuset til Såtabu med ordførar Sara Hamre Sekkingstad
  • Knarvik skulemusikkorps spelar
  • Brannvesenet kjem
  • Trafikkfagleg samarbeidsutval stiller med ferdigheits-sykkelløype
  • Utdeling av små gåver og premiar
  • Gratis sykkelservice
  • Moglegheit til å prøve el-sykkel.

Trykk her for å lese meir om prosjektet på side 170 i Miljøløftet sin prosjektportefolio


Kva er Sykle til jobben?

Sykle til jobben er ein aktivitetskampanje for alle. Det er gratis å delta og du kan registrere all fysisk aktivitet, både til og frå jobb og på fritida. Aksjonen varer fram til 17. juni.

Trykk her for å lese meir om Sykle til jobben.

Trykk her for å sjå programmet for Alver.

 

Velkommen til opning av sykkelveg!