HeimNyheiterVassforsyning som normalt

Vassforsyning som normalt

No kan alle bruke vatn som normalt.

– Vi takkar for tolmodigheita til alle som vart påverka av vassbrotet, seier Spurkeland.

 

Pressemelding 13. august

– Vi ber alle om å vere varsame med forbruk av vatn i området Fosse, Frekhaug, Dalemarka, Sagstad, Hjertås og Holme gjennom helga også, seier tenesteleiar for drift og vedlikehald Kjetil Spurkeland.

Onsdag 11. august vart det brot i ei råvasslinje ved Kvernavatnet. Sidan då har vasstrykket vore redusert.

 Vi har arbeida på spreng for å løyse brotet på råvasslinja, men brotet viser seg å vere meir omfattande enn forventa, seier Spurkeland.

Brotet ligg innvendig i fyllmassane til demninga i Kvernavatnet frå 1972 noko som gjer dette til ein omfattande og kompleks jobb som tar tid.

 Vi takkar for tolmodigheita til alle som vert påverka av vassbrotet, seier Spurkeland.

Klikk her for å komme til sida der vi oppdaterer med siste nytt om brotet på vasslinja.


Sist oppdatert: 16.08.2021
Publisert: 13.08.2021