HeimNyheiterNo kan du søkja tilskot til verna kulturminne

No kan du søkja tilskot til verna kulturminne

Ordninga gjer tilskot til istandsetting av verneverdige kulturminne som er prioriterte i kommunale kulturminneplanar, som er regulerte til bevaring gjennom plan- og bygningslova eller som er vurderte av fylkeskommunen til å ha regional verdi.
Publisert: 15.01.2021
Sist endra: 18.01.2021

Tilskot skal i første rekkje nyttast til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg. 

Gjennom denne ordninga blir det ikkje gitt støtte til tiltak på kulturminne i statleg, fylkeskommunalt eller kommunalt eige, tiltak på freda kulturminne eller ordinært vedlikehald og drift.

Søknad skal sendast til Alver kommune, postboks 4, 5906 Frekhaug eller post@alver.kommune.no, innan 15. februar. 

Søknadsskjema 

Treng du hjelp til søknaden, ta kontakt med Arild Sætre på kulturverntenesta i Nordhordland på tlf. 950 48 705 eller på e-post arild.saetre@muho.no

For meir informasjon, sjå Vestland fylkeskommune sine nettsider.(Merk at fristen 15. mars, som står på den sida, er kommunen sin frist for å senda over søknadene til fylkeskommunen)

Kontakt