HjemNyheiterPlanlegg ny møteplass i Knarvik

Planlegg ny møteplass i Knarvik

Vi treng dine innspel til møteplassen som skal vere tilrettelagt for alle.
Publisert: 14.02.2023
Sist endra: 14.02.2023

Kommunen planlegg ein universelt utforma møteplass ved Kvassneset i Knarvik.

Torsdag 16. februar frå kl.14.00 - 16.00 møter du oss på Amfi Knarvik, og vi vil ha dine innspel! 

Me ønskjer innspel både frå innbyggjarar og besøkande. Kva ønskjer du av funksjonar knytt til møteplassen? 

Kort om prosjektet

Alver kommune har fått tilskot frå Vestland fylkeskommune til å planleggja ein universelt utforma møteplass i Knarvik.

Prosjektet har som mål å skape ein møteplass for alle, både barn, ungdom, vaksne og eldre - og å skape betre kontakt med sjøen. Møteplassen skal vere tilgjengeleg for flest mogleg, også dei med funksjonsnedsettingar.

Kartusnitt over Knarvik og planlagt ny møteplass ved Kvassneset

Møteplassen er planlagt innanfor den raude ringen som er markert i kartet.