HeimNyheiterVil du bli med i studie om barselomsorg?

Vil du bli med i studie om barselomsorg?

For å vidareutvikla barselomsorgen i Alver kommune ynskjer vi tilbakemeldingar frå deg som har motteke barselomsorg av jordmor den fyrste veka etter fødselen og har fødd etter 15. august 2021.
Publisert: 05.11.2021
Sist endra: 05.11.2021

Vi inviterer desse til å svare på eit spørjeskjema som omhandlar barselomsorgen i heimen eller på helsestasjonen den fyrste veka etter fødselen, samt oppleving av meistring og tryggleik etter fødselen. 

To studentar frå jordmorutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet står bak undersøkjinga.

Trykk her for meir informasjon og spørjeskjema