Bli valmedarbeidar!
Alver kommune har behov for rundt 200 valmedarbeidarar fordelt på 21 vallokale.
Vallokala er opne frå klokka 12:00 til 20:00 på valdagen 11. september.
Er dette noko for deg? Trykk her for å søke
Kva gjer ein valmedarbeidar?
I lokala har valmedarbeidaren oppgåver som vakt, rettleiing, avkryssing i manntal og røystemottak. Det er også behov for leiarar i lokala.
Som valmedarbeidar må du vere førebudd på ein lang arbeidsdag med oppmøte 1 til 2 timar før opningstida, samt arbeid i lokalet etter stenging fram til alle røyster er talt opp og kontrollerte.
Førehandsrøysting
Vi treng og valmedarbeidarar til førehandsrøystinga i perioden 10. august til og med 8. september.
Førehandsrøysting på innbyggjarservice på Amfi Knarvik og på kommunehusa på Frekhaug og Manger:
- Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09:00–15:00
- Torsdag kl. 12:00–18:00
- Laurdag 26. august og laurdag 2. september klokka 10:00–15:00
Førehandsrøysting på nærsentra:
- Lindås, Lindåshallen ved biblioteket, kvar måndag kl. 12:00–19:00
- Vikebø, ungdomshuset UL Framsteg, kvar tysdag kl. 15:00–18:00
- Bøvågen, Bø barnehage, kvar onsdag kl. 13:00–16:00
- Ostereidet, Ostereidet senter, kvar torsdag frå kl 15:00–18:00
Lønn
Jobben som valmedarbeidar er lønna.
- Leiar i røystestyre: 5 000 kroner
- Nestleiar og medlem i røystestyret: 4 800 kroner
- Valmedarbeidarar: 4 000 kroner
- Timegodtgjersle for kurs/opplæring i samband med valet: 300 kroner
- Valmedarbeidarar under førehandsrøystinga: 250 kroner pr. time
- Kommunalt tilsette får si ordinære timeløn.
Krav til valmedarbeidar
Alle valmedarbeidarar må vere over 18 år, og kan ikkje stå som listekandidat ved det aktuelle valet. Medlemmane i røystestyra må ha røysterett i Alver kommune.