HeimNyheiterVil du hjelpe ukrainarar i Alver?

Vil du hjelpe ukrainarar i Alver?

Den siste veka har mange tatt kontakt med kommunen og stilt spørsmålet: Korleis kan eg bidra?

– I ei tid som er vanskeleg for mange, gjer det meg stolt at så mange ønskjer å stille opp. Vi er klare for å ta imot flyktningar frå Ukraina, og skal saman med alverbuen bidra til at det blir trygt og godt for dei som kjem oss, seier ordførar Sara Hamre Sekkingstad.

Slik kan du bidra no

Kommunen ønskjer kontakt med personar eller lag som har ledige leilegheiter eller hus, og ønskjer samstundes kontakt med innbyggjarar som kan bidra på andre måtar.

– Har du ei ledig leilegheit eller eit tomt hus? Send ein e-post til bustadkontoret@alver.kommune.no, så får bustadkontoret vårt ein oversikt og kan bidra til å innkvartere flyktningane når dei kjem, seier ordførar.

– Ønskjer du å bidra frivillig? Send ein e-post til alverforukraina@alver.kommune.no, så kan Frivilligsentralane våre setje deg i kontakt med eit lag eller ein aktør som treng fleire gode hjelparar.

Følg med på nettsida

Det er usikkert kor mange flyktningar som kjem til Norge og etter kvart til Alver.

– Vi får telefonar frå innbyggjarar som ønskjer å bidra med til dømes utstyr og klede. Frivilligsentralane våre vil leggje til rette for ulike hjelpetiltak og kjem tilbake med meir informasjon når vi veit meir om kor mange som kjem og kva behov dei har, seier ordføraren.

Ho oppmodar alle om å følgje med på nettsida til kommunen for oppdatert informasjon, og vere ein god nabo og støtte for flyktningar som kjem til dei ulike lokalsamfunna i kommunen.

Trykk her for å gå til samlesida vår om Ukraina og Alver.

Lokalt nummer for flyktningar

Flyktningar som treng støtte frå det offentlege, må registrere seg.

Flyktningar som ikkje har registrert seg, kan ta kontakt med lokalt politi eller ringe eit lokalt nummer som flyktningtenesta i Alver har oppretta.

Flyktningtenesta i Alver er tilgjengeleg på 45 83 29 26 på vekedagar frå klokka 10.00 til 14.00.


Sist oppdatert: 14.03.2022
Publisert: 14.03.2022