HjemNyheiterVil etablere Gatelag for Nordhordland

Vil etablere Gatelag for Nordhordland

Teneste for psykisk helse og rus, NAV Alver og Nordhordland ballklubb samarbeider no om å etablere Gatelag – eit lågterskeltilbod til vaksne som slit med rus.
Publisert: 06.09.2022
Sist endra: 08.09.2022

Fotballtreningane blir i Knarvik, og tilbodet er ope for spelarar frå alle kommunane i Nordhordland.

Visjonen til Gatelaga er – «Eit betre liv med fleire dagar utan rus».

Gatelaget er ein arena kor menneske med rusrelaterte utfordringar får faste rutinar, meiningsfull aktivitet og kjensle av meistring. Det byggajast trygge rammer som gir utgangspunkt for varig endring. 

Miljøaterapeut Tor Eivind Karlsen er tilsett i NAV Alver. Kontakt han gjerne for meir informasjon eller for å kople på spelarar.

E- post: tor-eivind.karlsen@nav.no eller tlf: 94 18 99 15.

Samstundes er trenar Tommy Gaustad tilsett i psykisk helse og rus. 4-årig støtte frå Statsforvaltaren gjer dette mogleg. 

Spreie det glade bodskapet, tipse og invitere med!

Høyr Tor Eivind og Tommy på NRK Hordaland tysdag morgon

Her kan du lese meir om Gatelaga.