HeimFaktura og rekningar

Faktura og rekningar

Betale rekning frå Meland kommune?

Kva bankkonto skal du betale til?

Alle rekningar frå Meland kommune (ikkje skattekrav) skal betalast til bankkonto: 1503.98.36413, som også er oppgitt på rekninga. Ikkje gløym å legg inn aktuell KID-nummer for å sikre rask og korrekt handsaming av innbetalinga di.

Ved betaling frå utanlandsk bank må du bruke fylgjande bankadressekodar for å identifisere kommunen sin bank i Norge:

  • IBAN-KODE:  NO0815039836413
  • SWIFT/BIC-adresse: BIC DNBANOKKXXX

Kva måte vil du betale rekningane dine på?

Meland kommune har fokus på å ta vare på miljøet, redusere kostnadar og yte betre og meir framtidsretta løysingar til våre innbyggjarar. Meland kommune ønskjer at flest mogleg av våre faktura vert distribuert digitalt, men det er du som kunde som vel korleis du vil ta imot faktura; og her må du gjere nokre val. Vi forsøker å sende deg faktura i følgjande rekkefølgje:

Avtalegiro:

Inngår du avtale om AvtaleGiro, vert fakturabeløp trekt frå konto ved forfall utan at du treng gjere noko sjølv. AvtaleGiro opprettar du i din bank, og det er ei god løysing for deg som ikkje har nettbank eller andre digitale løysingar. Melding om komande trekk vil du få på kontoutskrift frå banken din, eller som eigen varsling frå kommunen.

Meland kommune tilbyr AvtaleGiro på:

  • Husleige
  • Oppvekst
  • Pleie og omsorg
  • Kultur
  • Kommunale eigedomsgebyr

Du må inngå eigen bankavtale for kvar av desse områda om du vil betale faktura ved hjelp av AvtaleGiro.

Avtalegiroreferanse som du oppgir til banken er dei første 11 siffera i KID-nummer på faktura.

  • eFaktura: Har du eFaktura-avtale med Meland kommune mottek du alle rekningane frå kommunen ferdig utfylt rett i nettbanken din; klare til å godkjennast. Du kan og kombinere eFaktura saman med AvtaleGiro.

eFaktura-referansen som du oppgir til banken er dei første 8 siffera i KID-nummeret.

  • Faktura via Vipps: Om du ikkje har AvtaleGiro eller eFaktura vil vi forsøke å sende deg faktura via Vipps. Dette forutset at du brukar Vipps, og at du har aktivert tenesta Regninger i Vipps. Om du ikkje ønskjer faktura tilsendt på Vipps, må du vere trygg på at tenesta Regninger på Vipps er deaktivert i Vipps-appen.
  • Faktura sendt til Digital postkasse: Får vi framleis ikkje sendt faktura til deg, vil vi forsøke å sende faktura til din Digitale postboks. Dette føreset at du har oppretta digital postkasse, Digipost eller eBoks, og at du ikkje har reservert deg mot mottak av digital post frå det offentlege.

Om du har digital postkasse, men ikkje ønskjer faktura eller anna offentleg post sendt dit, kan du gå til nettstaden norge.no, og reservere deg frå dette under valet Digital borger.

  • Faktura som vedlegg i e-post: Du kan også få tilsendt faktura pr e-post. Då må du kontakte rekneskapsavdelinga eller sende mail til okonomikontoret@meland.kommune.no der du opplyser om namn, kundenummer, adresse og e-postadresse.
  • Papirfaktura: Om vi ikkje kan sende deg faktura digitalt, vert faktura sendt som brevpost. På papirfaktura er det ikkje giro-del, så dei som nyttar BrevGiro, må ta kontakt med rekneskapsavdelinga for å få tilsendt dette. 

Faktura som skal sendast til rekneskapsfører/annan mottakar enn deg sjølv

Har du i dag ein rekneskapsfører som mottek faktura på vegne av deg eller annan mottakar, vil dei nye distribusjonsformene (Vipps, Digital postkasse innbygger) overstyre dersom kunden er registrert med personnummer. Då blir faktura sendt til kunden istadenfor “annen mottaker”. Vi anbefaler difor dykk som har “annan mottakar” til å ikkje inngå avtale om Vipps eller Digital postkasse.

Har du spørsmål om innbetaling av faktura?

Ta kontakt med rekneskapsavdelinga vår

Har du spørsmål om innhaldet i fakturaen?

Ta kontakt med fagavdelinga du har kjøpt tenesta hos.

  • Spørsmål om vatn-, avløp- og slamgebyr: Ring ekspedisjonen på 56 17 10 00 og be om å få snakke med VA-avdelinga.
  • Spørsmål om feiegebyr: Ring ekspedisjonen på 56 37 50 00 og be om å få snakke med feiarane.
  • Spørsmål om barnehagefaktura: Ta kontakt med barnehagen til barnet ditt.
  • Spørsmål om skulefritidsordning: Ta kontakt med skulen til barnet ditt.
  • Spørsmål om faktura eller gebyr for andre tenester: Kontakt Meland kommune, ekspedisjonen telefon 56 17 10 00.

 

Tilskot og gåver

Andre innbetalingar til kommunen (der det ikkje er sendt faktura) skal du betale til konto: 1503.18.83722.

Merk innbetalinga, til dømes med tilskot/gåve og mottakande kommunal avdeling.

 

Sende faktura til Meland kommune?

 

Meland kommune krev elektronisk faktura i såkalla "EHF-format" på alle typar innkjøp og bestillingar frå 1. januar 2015.  Her er viktig informasjon om kva som skal til for at verksemda di skal kunne sende elektronisk faktura til Lindås kommune.

EHF er ei forkorting for Elektronisk Handels Format. Ein slik faktura vert overført elektronisk frå seljar til kjøpar sitt økonomisystem.

Meland kommune nyttar Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) sin standard for elektronisk faktura. På denne måten blir vi meir effektive.

Her kan du lese meir om ordninga:

Meland kommune sitt organisasjonsnummer er: 951 549 770

Kan ikkje verksemda di levere ein EHF?

Sende faktura på e-post til faktura@meland.kommune.no

Sender du faktura på denne måten, hugs å få med følgjande opplysningar:

  • Firmanamn, organisasjonsnummer,  meirverdiavgift-spesifikasjon, fakturanummer, fakturadato, forfallsdato, fakturasum, bankkonto, KID nummer og namn på bestillar.

 


Sist oppdatert: 15.11.2019
Publisert: 15.11.2019