Personvernerklæring for barnehagane i Alver

Generelt om tryggleik og personvern for barnehagane i Alver

Alver kommune nyttar ulike datasystem og program i samband med tenester til innbyggjarane. Ved bruk av nokre av desse systema må personopplysningar behandlast. Før eit program eller system blir tatt i bruk, skal vi vurdere risikoen både når det gjeld det tekniske og organisatoriske, samtidig som vi tar vare på barna og føresette sitt personvern.

Når kommunen nyttar eksterne leverandørar av program og datasystem, blir det òg inngått ein databehandlaravtale. Databehandlaravtalen regulerer korleis leverandøren behandlar personopplysningar på vegne av kommunen.

Kvifor behandlar vi personopplysingar om barn og føresette?

Alver kommune samlar inn og behandlar personopplysningar som vi treng for å utføra dei lovpålagte oppgåvene våre. I denne samanhengen betyr det å gje tilbod om barnehageplass etter barnehagelova. Dette gjer vi for at foreldre skal kunne søkje barnehageplass, gje og få informasjon om sitt barn og tilsette skal kunna logga på systema for å utføra oppgåvene sine.

Dersom Alver kommune skal behandla personopplysningar som ikkje er nødvendige for å utføra dei lovpålagte oppgåvene våre, vil vi sørge for at det vil vera eit lovleg grunnlag for dette, til dømes innhente samtykke.

Kva er det rettslege grunnlaget for behandling av personopplysningane dine?

Her er nokre sentrale lover og forskrifter som regulerer behandlinga til kommunen av personopplysningar:

Personopplysningslova og personvernforordning (GDPR) regulerer behandlinga av personopplysningar i kommunen.

Arkivlova inneheld mellom anna reglar for korleis dokument blir lagra, og avlevering til arkivinstitusjon. 

Kor hentar vi opplysingar frå?

Når vi tilbyr lovpålagte tenester til innbyggarane våre kan vi, om nødvendig, hente opplysningar om deg frå andre offentlege styresmakter eller offentlege register, som til dømes Folkeregisteret. Du har alltid rett til å få vite kvar vi hentar opplysningane frå.

Kva personopplysingar behandlar vi?

Kontaktopplysningar som namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse.

Opplysningar om relasjonane dine til andre, eksempelvis namn på ektefelle, sambuar, barn og sivilstatus.

Opplysningar knytt til dei tenestene som du som innbyggar nyttar, i dette tilfellet barnehage.

System vi eller databehandlar hentar personopplysingar frå

Folkeregisteret

Vigilo

Korleis får føresette innsyn?

Du har rett til innsyn i dei personopplysningane som vi behandlar om deg. Dersom du har spørsmål kring dette kan du ta kontakt med barnehageleiinga i din barnehage.

Rett til å få korrigert uriktige opplysingar

Dersom opplysningane våre om deg ikkje er riktige, har du rett til å få korrigert desse. Det gjeld òg dersom vi ikkje har fullstendige opplysningar om deg.

Ta kontakt med leiinga i barnehagen til ditt barn.

Når blir opplysingane sletta

Vi lagrar personopplysningane dine hos oss så lenge det er nødvendig for det formålet som personopplysningane vart samla inn for. Dette betyr til dømes at personopplysningar som vi behandlar på grunnlag av samtykket ditt blir sletta viss du trekker samtykket ditt.

Personopplysningar vi behandlar for å oppfylle ei lovpålagt plikt blir lagra så lenge lovheimelen krev det.

Avhengig av system, blir dataa sletta etter mellom 0-12 månader. Dersom data er arkivverdig, blir dei lagra etter arkivlova.

Digital dømmekraft

Alver kommune har som barnehagemynde og barnehageeigar rutinar som gjeld for personvern i barnehage. Tenesteleiar og styrar er ansvarleg for at desse er gjort kjente for føresette og tilsette. 


Sist oppdatert: 23.11.2022
Publisert: 23.11.2022