Kvardagsrehabilitering

Det kan gjelde personleg stell, matlaging, reinhald, deltaking i sosiale samanhengar eller andre daglege aktivitetar. Rehabiliteringa skjer i eigen heim og nærmiljø.

Målet for kvardagsrehabilitering er å:

  • Auke livskvalitet og meistring 
  • Redusere og utsetje behovet ditt for meir omfattande kommunale tenester

Trykk her for Retningslinjer for tildeling av kvardagsrehabilitering

Slik søkjer du

Trykk her for å søkje om kvardagsrehabilitering.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på eitt av våre kontor for innbyggjarservice som du finn i 2. etasje i promenaden i Amfi Knarvik, i kommunehuset på Frekhaug eller i kommunehuset på Manger.

Du kan også sende søknaden til:

  • Postadressa vår: Alver kommune, fysio-ergoterapitenesta og hjelpemiddellageret, postboks 4, 5906 Frekhaug
  • E-post: fysioergo@alver.kommune.no

Vi har begrensa kapasitet på kvardagsrehabilitering. Tilbodet er definert som ein del av helse- og omsorgstilbodet til kommunen. Du kan få tilbod om andre helse- og omsorgstenester medan du ventar på å få kvardagsrehabilitering.

Kva får du?
  • Kvardagsrehabilitering er ei tidsavgrensa rehabilitering der fokus er å meistre oppgåver i kvardagen.
  • Rehabiliteringa er eit samarbeid mellom deg og eit tverrfaglig team som består av fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar og heimetrenar.
  • Vi lagar ein plan ut frå måla dine, og du får tett oppfølging i ein tidsavgrensa periode på 6 veker (med mogleg forlenging til 8 veker).
Kva kostar det?

Kvardagsrehabilitering er gratis.

Krav til søkjar

Kvardagsrehabilitering er for deg som

  • har fått nedsett funksjon akutt eller gradvis det siste halve året
  • ønskjer å meistre kvardagsaktiviteter igjen heime eller i nærmiljøet
  • er motivert for å gjere ein eigeninnsats
  • kan forstå og gjere deg forstått, med andre ord må du kunne ta instruksjon og følgje eit enkelt program med øvingar
Kva skjer vidare?
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.

Vi har avgrensa kapasitet på kvardagsrehabilitering. Tilbodet er definert som ein del av helse- og omsorgstilbodet til kommunen. Du kan få tilbod om andre helse- og omsorgstenester medan du venter på å få kvardagsrehabilitering.

Kontakt oss
  • Ringe til oss?
    • Ring innbyggjarservice på 56 37 50 00 og be om å få snakke med fysio- og ergoterapitenesta
  • Skrive til oss?

Sist oppdatert: 04.10.2023
Publisert: 28.06.2018