Foreldrerettleiing

Alver kommune har tilbod om gratis foreldrerettleiingskurs. Tilbodet er for alle foreldre i kommunen. Programma du kan velje mellom er: COS-P, DUÅ, ICDP og kurs for tenåringsforeldre. Det er dei ulike tenestene: Pedagogisk-psykologisk teneste, helsestasjon- og jordmortenesta, barnevernstenesta ved rettleiaravdelinga og kommunepsykologane som tilbyr likeverdige rettleiingskurs. Du får inga ferdig oppskrift i nokon av programma, men du får hjelp til å finne eigne løysingar gjennom kunnskap og refleksjon i gruppa.

Målet med foreldrerettleiing
  • Å bli tryggare i foreldrerolla.
  • Å oppleve meir nærleik til barnet.
  • Å vere ein meir støttande forelder til barnet.
  • Å oppleve mindre konfliktar knytt til å oppdra barnet ditt.

Trykk her for å sjå informasjonsfilm frå Bufdir

Val av foreldrerettleiing

Vi oppmodar begge foreldre til å vere med om mogleg, eller å ta programrekka kvar sin gong. 

Vel berre eit program. Er du usikker på val av program som passar for deg? Berre ta kontakt med oss. Sjå informasjon under «Kontaktinformasjon til dei ulike kursa».

Ønskjer du å delta på eit av kursa, så krev det ein innsats for ein periode med oppmøte og praktiske øvingar heime. Dette for at de og gruppa skal få eit godt utbytte av foreldrerettleiinga.

1-6 år, ICDP

Kva er ICDP rettleiing?

ICDP er forkorting for – International Child Development som rettar seg mot alle føresette og profesjonelle omsorgspersonar som skal styrkje din eiga omsorgskompetanse. ICDP sin filosofi er at den beste måten å støtte barnet på er å tryggje og bevisstgjere barnet sine omsorgspersonar.

ICDP si målsetjing er:

  1. Å fremje den positive oppfatninga av og haldning til barnet.
  2. Å påverke føresette si forståing av kor viktig sensitivt samspel mellom omsorgsgjevar og barnet er for barnet sin utvikling.
  3. Å fremje føresette si oppfatning av seg sjølv som kompetent og meistrande.

Kurset er sett saman av åtte samlinger. Kvar samling tar to timer.

Inntil 10 personer kan delta i kvar gruppe.

Oppstart:

  • Haust: Ingen kurs grunna for få påmelde
  • Vår: Torsdag 7. mars, 2024.

Tid og stad:

  • Helsehuset i Knarvik, møterom Masfjorden i 6. etasje.
  • Klokka: 17.00-19.00

Påmelding:

Trykk her for å gå til påmeldingsskjema. 

Trykk her for å lese meir om kva ICDP er på ICDP Norge

1-11 år, COS-P

Kva er COS-P rettleiing?

COS er forkorting for Circle of Security - tryggleiksirkelen. Kurset gir foreldre reiskap til å forstå betre kva behov born har, kva signal dei gir, og kva vi kan gjere for å møte desse behova betre. Målet er at barnet ditt får hjelp til å kjenne seg trygg, og på den måten stå sterkare rusta til å møte utfordringar. Tema i rettleiinga er knytt til det å vere ein god nok forelder.

Kurset er sett saman av åtte samlingar. Kvar samling tar to timer.

Inntil 10 personar kan delta i kvar gruppe.

Oppstart:

Haust:

  • Andre tysdag i september (ikkje kurs i skuleferiar).

Vinter:

  • Andre tysdag i februar (ikkje kurs i skuleferiar).

Tid og stad:

  • Klokka 17.00-19.00

Påmelding:

Trykk her for å gå til påmeldingsskjema. 

Trykk her for å lese meir om Circle of Security - foreldrevegleiingskurs på bufdir.no.

1-6 år, DUÅ

Kva er DUÅ rettleiing?

DUÅ Universalprogrammet:  DUÅ står for dei utrolege åra. Her lærer ein korleis ein som foreldre kan møte barnet sine kognitive, emosjonelle og sosiale behov, gjennom ein trygg relasjon. Foreldrerettleiing skal fremje utviklinga av grunnleggande ferdigheiter i positiv samspel. Leik og positivt samvær er beskyttande faktorar for alle barn. Difor set DUÅ fokus på å fremje leik og andre former for positivt samvær, gjennom korleis dei vaksne er saman med borna i det daglege.

Kurset er sett saman av seks gruppesamlingar. Kvar samling tar to timer.

Inntil 20 personar kan delta i kvar gruppe.

Oppstart: 

  • Haust: Siste torsdag i september.

Tid og stad:

Helsehuset i Knarvik, 3. etasje PPT
Klokka 17.30-19.30

Påmelding:

Trykk her for å gå til påmeldingsskjema. 

Trykk her for å lese meir om De Utrolige Årene på uit.no.

6-12 år, DUÅ

Kva er DUÅ rettleiing?

Dei utrolege åra (DUÅ) er eit rettleiingsprogram som skal fremje godt samspel mellom foreldre og barn. Foreldrerettleiing skal fremje utviklinga av grunnleggande ferdigheiter i positiv samspel. Leik og positivt samvær er beskyttande faktorar for alle barn. DUÅ skal hjelpe føresette til å utvikle gode ferdigheiter: når barn syner trass, er grenseutprøvande, strever med å regulere frustrasjon og sinne. Ein lærer korleis ein som foreldre kan møte barnet sine kognitive, emosjonelle og sosiale behov, gjennom ein trygg relasjon.

Kurset består av elleve gruppesamlingar. Kvar samling tar to timer.

Inntil 20 personar kan delta i kvar gruppe.

Oppstart:

Haust:

  • Andre måndag i september (ikkje kurs i skuleferiar)

Tid og stad:

  • Helsehuset i Knarvik, 3. etasje, møterom 15 i PPT-fløyen
  • Klokka 17.00-19.00

Påmelding:

Trykk her for å gå til påmeldingsskjema. 

Kurs for tenåringsforeldre

Kva vil det seie å vere tenåringsforeldre? Både foreldre og ungdomar kan oppleve vanskar med å oppretthalde ein god dialog i denne perioden. Mange foreldre sit med ei kjensle av å komme til kort.
Dette kurset gir innspel til korleis ein kan styrke relasjonen i ein stormfull livsfase. Kurset tar opp tema og utfordingar som dei fleste tenåringsfamiliar kjenner seg att i. Føremålet med kurset er å auke forståinga for kva som skjer i samspelet med tenåringen, og slik bli betre rusta til å klare å snu negative mønstre.
Kurset er ope for alle føresette med born i alderen 13-18 år, både einslege og par. Kurset går over to kveldar, og er ope for inntil 50 deltakarar.

Tid og stad:

  • Vår: 6. mars og 13. mars, kl. 17.30-19-30.
  • Stad: Helsehuset i Knarvik, 6. etasje, møterom "Nordhordland".

Påmelding:

Informasjon om påmelding til kurs til hausten vil komme.

Vær med meg, foreldrekurs for småbarnsforeldre

Dette er eit foreldrekurs med fokus på tilknyting og emosjonsrettleiiande samspel med utgangspunkt i tryggleikssirkelen (COS- Circle of Security).

Målet med dette kurset er å auke foreldra/omsorgspersonane sin sensitivitet og nysgjerrighet i samspelet med barnet slik at barnet kan få ei tryggare tilknyting med påfølgande meir robust utvikling. Kurset er i utgangspunktet retta mot småbarnsforeldre (0-6 år), men kan og vere nyttig for foreldre med barn i barneskulealder.

Kurset går over 4 samlingar. Kvar samling varer 3 timar.
Inntil 12 personar kan delta i kvar gruppe.

Oppstart:

  • Torsdag 4.april kl.17-20
  • Torsdag 11.april kl.17-20
  • Tirsdag 16.april kl.17-20
  • Tirsdag 23.april kl.17-20

Stad: Helsehuset i Knarvik, 6.etasje, rom «Mongstad»

Påmelding til veronica.meland@alver.kommune.no (tlf.nr 93 21 53 51) eller via digital påmelding.

Trykk her for å gå til påmeldingsskjema

Kontaktinformasjon til dei ulike kursa

Er det noko du lurar på? Kontakt oss gjerne.

Dette seier tidligare deltakarar om kursa

1-6 år, ICDP

  • Veldig lærerikt! Godt å ha andre foreldre å snakke med og utveksle erfaringar med.
  • Vi har fått gode idéar vi kan bruke til å byggje opp sjølvtilliten og sjølvbildet til barnet.
  • Eg blir ikkje så fort sint no, og handterer situasjonar betre.

1-7 år, COS-P

  • Eit kjenslemessig verktøy som ein kan bruka i ein travel kvardag for å hjelpe seg sjølv og barnet.
  • Eg er no meir medveten på kva eg gjer og kvifor eg gjer det. Det er og nyttig at både mor og far går på kurset saman. Vi reflekterer over situasjonar i etterkant og får eit betre samarbeid som foreldre. COS-kurset har vært nyttig.
  • Vi har lært å lese barn betre, og møte dei på ein annan og betre måte når de er lei seg og sinte. Å møte sinne med sinne gir dårleg resultat.


1-6 år, DUÅ

  • Kurset gir nyttige verktøy som kan brukast i ulike situasjonar som oppstår med barn. Etter å ha tatt desse verktøya i bruk har eg sjølv opplevd at det fungerer, noko som gir mestring i foreldrerolla.
  • Det er svært nyttig å få konkrete tips til korleis ein skal møte barna i konfliktar og korleis ein skal førebu dei til å bli trygge og sjølvsikre til skulestart.
  • Kurset er veldig lærerikt. Ungane har hatt godt av at vi foreldre forstår dei på ein ny måte.
  • Det vi har lært på kurset har bidratt til meir mestring i kvardagen og betre samspel med barnet. Vi har meir fokus på å vere tilstades i kvardagen og rose det barnet gjer riktig.


6-12 år DUÅ

  • Eit grundig kurs som vil kome heile familien til gode. Det krev litt innsats, men er verdt det.
  • Kurset er løysingsorientert. Vi deler erfaringar og reflekter. Kurset har til hensikt og betre barn og familien sin kvardag.
  • Kurset bidreg til å auke mengdene høflege tilbakemeldingar og coaching av barn. Det har lært oss å aldri oversjå god oppførsel. Vi nytter til dømes meir åleinetid for å styrke relasjonen.

Kurs for tenåringsforeldre

  • Eit nyttig og lærerikt kurs med praktisk tilnærming. Lett å kjenne seg att. Eg har fått mange gode råd og tips. Kunnskapsrike kurshaldarar. Eg kunne tenkt meg fleire samlingar.
  • Vi har lært om ungdommen si utvikling og om foreldrerolla. Fint å dele erfaringar og reflektere saman med andre foreldre i same situasjon.
  • Eg har blitt meir bevisst på korleis hjernen til ein tenåring fungerer. Øvinga med å tenkje tilbake til eiga ungdomstid var interessan. Vi har blitt meir bevisste på korleis vi er overfor tenåringen.

Sist oppdatert: 11.06.2023
Publisert: 08.06.2022