Svangerskapsomsorg

Kontaktinformasjon
  • Helsenorge.no

    • Helsestasjonen brukar helsenorge.no til å kommunisere med brukarane. Dette er ein enkel og sikker måte å kommunisere på.

    • Via helsenorge.no kan du be om timeavtalar, avbestille avtalar og sende meldingar på ein trygg og enkel måte. Her finn du også mykje nyttig informasjon om helse og innhaldet i tenestene.

    • Du loggar deg på helsenorge.no ved bruk av elektronisk id som til dømes bank-id. Bruk av appen til helsenorge anbefalast. 

    • Dersom du ikkje ynskjer å benytte helsenorge.no, kan du ta kontakt med helsestasjonen på e-post eller telefon:

  • Telefon ekspedisjon: 56 37 50 74
    Telefontid er kvardagar frå 08.15 - 11.00 og 13.00 - 14.00.
  • E-post: helsestasjonen@alver.kommune.no Hugs å informere om adresse, telefonnummer og fødselsnummer i e-posten.
Til deg som er gravid
Jordmortenesta

Jordmor har oppfølging av mor og barn inntil 5 -7 dagar etter fødselen. Vi vil ta kontakt på føremiddagen, fyrste virkedag etter heimkomst frå sjukehuset.

Vi følger opp barnet med nyfødtscreening, hørselstest, sjekkar gulsott og tar vektkontroll. Vi gjev ammerettleiing og individuell tilpassa oppfølging til mor og barn, i tråd med nasjonale retningslinjer.

Vi samarbeider tett med helsesjukepleiar i Alver kommune og frå og med dag 8 vil helsesjukepleiar følgje opp barnet ditt vidare. Ho tek kontakt med deg og vil avtale heimebesøk i løpet av dei 10 -14 fyrste dagane etter heimkomst.

Ring jordmor som har følgt deg i svangerskapet om du ikkje høyrer frå oss, eller det oppstår eit problem som ikkje kan vente til neste dag. Ved akutt sjukdom hjå mor eller barn, ring Legevakt 116117 eller AMK 113.

Jordmødre
Rettleiande program for svangerskapsomsorga
Rettleiande program for svangerskapsomsorga
Veke Jordmor/lege Kva?
6-12 Jordmor Livsstilssamtale, helsekort
9 (8-12) Lege Helsekort, rekvisisjon blodprøvar og ultralyd
17-19 Kvinneklinikken Ultralyd på Kvinneklinikken
23 Jordmor Amming
28 Lege  
32 Jordmor  
36 Jordmor Fødselssamtale
38 Lege  
40 Jordmor  
41 Kvinneklinikken Vurdering på Kvinneklinikken i veke 41 avtalast hjå jordmor i veke 40.
Ammerettleiing

Helsestasjonane i Alver kommune er godkjende som ammekyndige helsestasjonar.

Jordmødrene gjev ammeførebuande informasjon under svangerskapet. Etter fødsel vil alle helsesjukepleiarane og jordmødrene kunne tilby ammerettleiing. Vi føl faglege retningslinjer frå Nasjonal kompetanseteneste for amming. Vi tilbyr også ammekurs.

Teieplikt og tverrfagleg samarbeid

Jordmødre og helsesjukepleiarar har alltid teieplikt. I nokre tilfelle kan vi likevel ha behov for å drøfte situasjonen din med fagpersonar som ikkje jobbar på helsestasjonen. Vi gjer berre dette i samråd med deg og dersom du gir oss lov til det.

Nyttige lenkjer og brosjyrar

Sist oppdatert: 06.03.2024
Publisert: 28.06.2018