Hukommelsesteamet
Kven er vi?
Hukommelsesteamet er eit lågterskeltilbod som består av sjukepleiarar. Teamet samarbeider med forvaltninga, fastlegar og anna helsepersonell i kommunen.
Kva kan vi tilby?
- Kartleggings- og utredningssamtale med pasient og pårørande
- Hjelpemiddel som støttar hukommelse og bidreg til auka tryggleik
- Henvisning til helsetilbod i kommunen
- Rettleiing av pårørande og helsepersonell
- Gi oversikt over tenestetilbod frå pleie og omsorg
Hukommelsesteamet kjem på heimebesøk etter avtale med pasient og pårørande.
Kvifor kartlegge hukommelsen?
- For å utrede eventuell demenssjukdom
- For å utelukke andre sjukdommar som har demensliknande symptom
- For vurdering av medisin
- For å kunne legge til rette heimesituasjonen
- For å kunne igangsettje tiltak til rett tid
Kontakt oss
Du treng ikkje å søkje eller bli tilvist frå lege eller spesialist. Dersom du har problem med hukommelsen eller er pårørande til nokon med kognitiv svikt, kan du ta direkte kontakt på telefon eller e-post. Legar og anna helsepersonell kan også ta kontakt.
Telefon: 94 50 72 37
Telefonen vert besvart kvar tirsdag og annakvar torsdag (partallsveker)
E-post: hukommelsesteamet@alver.kommune.no
Brosjyre
Sist oppdatert:
31.10.2022
Publisert:
22.11.2021