Koronavaksine

Slik bestiller du time til koronavaksine

Over 16 år

  • Bestill time på nett på eitt av apoteka som vaksinerer for kommunen. Vaksinering er gratis. Les meir om dette under.

Under 16 år

  • Ring koronasenteret på 56 37 59 00 om du vil bestille time til barnet ditt.

65 år eller eldre

  • Folkehelseinstituttet anbefaler ny oppfriskingsdose for alle personar som er født i 1957 eller tidlegare. 
  • Bestill time på nett på eitt av apoteka som vaksinerer for kommunen. Vaksinering er gratis. Les meir om dette under.

Personar i aldersgruppa 18 til 64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp av koronavirus

Koronavaksine på apoteka i Alver

Alver kommune har avtale med enkelte av apoteka i Alver om koronavaksinering av innbyggjarar over 16 år.

Kort om tilbodet

  • Tilbodet er for deg over 16 år, uavhengig av kva dose du skal ta.
  • Du må forhalde deg til vaksinetypen apoteka har til ei kvar tid.
  • Det kostar ingenting å ta vaksinen på apoteket.
  • Hugs legitimasjon.
  • Merk: Alle under 30 år er anbefalt å ta Pfizer-vaksinen (Comirnaty)

Slik bestiller du time

Apoteka har ulike opningstider og ulik kapasitet. 

Klikk på lenkene under for å sjå når det er ledig time og bestill helst time på nett. Dersom det ikkje er ledige timar, sjekk eitt av dei andre eller vent til apoteket fyller på med nye ledige timar.

Vaksinasjon av barn og unge

Trykk her for å lese om vaksinasjon av barn og unge på Folkehelseinstituttet sine sider. 

Slik bestiller du time

  • Vi har ikkje timebestilling på nett for denne gruppa.
  • Ring koronasenteret på 56 37 59 00 om du vil bestille time til barnet ditt.
Oppfriskingsdose til ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom

Det er lenge sidan denne gruppa fekk forrige dose. Difor anbefaler Folkehelseinstituttet at ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg sjukdom tar ein oppfriskingsdose. 

Dette blir for dei fleste 3. eller 4. dose. 

Slik bestiller du time

  • Vi har ikkje timebestilling på nett.
  • Ring koronasenteret på 56 37 59 00 om du vil bestille time til barnet ditt.
Oppfriskingsdose til deg som er 65 år eller eldre

Folkehelseinstituttet anbefaler ny oppfriskingsdose for alle personar som er født i 1957 eller tidlegare.

  • For dei fleste blir den nye oppfriskingsdosen den 4. vaksinedosen.
  • Dersom du har svekka immunforsvar, og har 3 dosar i din grunnvaksinasjon, vil den første oppfriskingsdosen vere din 4. dose. Den andre oppfriskingsdosen blir din 5. vaksinedose. Dersom du er i tvil, ring til koronasenteret på 56 37 59 00 for nærare avklaringar.

Du kan få oppfriskingsdosen fire månader etter du fekk forrige vaksinedose.

Har du hatt koronavirus, bør det gå minst tre veker frå du er frisk att til du får ny vaksinedose.

Slik bestiller du time

Alver kommune har avtale med enkelte av apoteka i Alver om koronavaksinering av innbyggjarar over 16 år.

Apoteka har ulike opningstider og ulik kapasitet. Klikk på lenkene under for å sjå når det er ledig time og bestill time på nett. Dersom det ikkje er ledige timar, sjekk eitt av dei andre eller vent til apoteket fyller på med nye ledige timar. Vaksinering er gratis.

Oppfriskingsdose til personar i aldersgruppa 18 til 64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp av koronavirus

Folkehelseinstituttet anbefaler ny oppfriskingsdose til personar i aldersgruppa 18 til 64 år med alvorleg grunnsjukdom. 

Trykk her for meir informasjon om risikogrupper.  

Slik bestiller du time

Alver kommune har avtale med enkelte av apoteka i Alver om koronavaksinering av innbyggjarar i risikogruppa.

Apoteka har ulike opningstider og ulik kapasitet. Klikk på lenkene under for å sjå når det er ledig time og bestill time på nett. Dersom det ikkje er ledige timar, sjekk eitt av dei andre eller vent til apoteket fyller på med nye ledige timar. Vaksinering er gratis.

Oppfriskingsdoser til deg med alvorleg svekka immunforsvar

Folkehelseinstituttet anbefalar personar med alvorleg svekka immunforsvar som har fått 3 dosar i primærvaksinasjonen sin, å ta ein ny oppfriskingsdose. For ein del av desse blir dette dose nummer 5. Det bør ha gått fire månader sidan sist dose. 

Du treng ikkje få ny vurdering av fastlege/spesialist for å få tilbod om ny oppfriskingsdose. Det er nok at du viser fram tidliegare dokumentasjon i form av vaksinebrev frå spesialisthelsetenesta, journalnotat, resept/e-resept eller medikament-forpakning med namnet ditt.

Slik bestiller du time

Apoteka har ulike opningstider og ulik kapasitet. Klikk på lenkene under for å sjå når det er ledig time og bestill time på nett. Dersom det ikkje er ledige timar, sjekk eitt av dei andre eller vent til apoteket fyller på med nye ledige timar. Vaksineringa er gratis.

Vaksine til gravide

Folkehelseinstituttet anbefaler at gravide i 2. og 3. trimester tar oppfriskingsdose. Dette er uavhengig om du har 2 eller 3 dosar frå før. Det bør gå minst fire månader sidan forrige dose. 

Gravide har auka risiko for alvorleg koronasjukdom, spesielt i 2. og 3. trimester.

Folkehelsinstitutet anbefalar grunnvaksinasjon til alle gravide som enno ikkje er grunnvaksinert, uavhengig av trimester. Det er ikkje kunnskap som tilseier at vaksinasjon med koronavaksine i første trimester gir risiko for verken mor eller barn.

Trykk her for å lese meir om koronavaksine til gravide.

Om koronavaksinane

I september 2022 vart oppdaterte versjonar av koronavaksinane Pfizer og Moderna godkjente. Trykk her for å lese om ny og oppdatert vaksine.

Vi nyttar til ei kvar tid den nyaste versjonen av koronavaksinen til oppfriskingsdose.

Skal du ha dose 1 eller 2 med koronavaksine, må du ta den opprinnelege vaksinen, og du må bestille time på eitt av apoteka for å få denne. 

Vi tilbyr den proteinbaserte vaksinen Nuvaxovid (Novavax). Denne får du på Smittevernkontoret i Bergen kommune. Du må vere fylt 18 år for å bli vaksinert med denne vaksinen. 
Ta kontakt med Smittevernkontoret på telefon 55 56 58 80 eller e-post: smittevernet@bergen.kommune.no. Vi ber om at du ikkje sender sensitive opplysningar i e-post.

Information on corona vaccine in foreign languages
Alver koronasenter (adresse og telefonnummer)
  • Adresse: Kvassnesvegen 39 (oppmøte etter avtale)
  • Telefon: 56 37 59 00
  • Vi svarar på telefon klokka 08.30–11.30 og 12.15–15.00 på kvardagar 

Sist oppdatert: 04.10.2022
Publisert: 16.12.2020