Arbeid og aktivitetstilbod

Ankeret, Knarvik

Ankeret aktivitetssenter er eit rusfritt lågterskeltilbod for menneske med psykiske helseutfordringar, og som ønskjer å ha ein møtestad. Vi har dart og fleire ulike spel. Vi har og fleire PC-ar til disposisjon.

På Ankeret aktivitetssenter bidrar alle etter evne og behandlar kvarandre med venlegheit og respekt.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis, men du må betale for mat. Lunsj kostar kroner 50,-

Kva får du?

  • Måndag, klokka 09.30 - 15.00: Dagen startar med avisrunde og ein kopp kaffi. Vi lagar lunsj saman. Vi kan sjå film, spele spel, gjere handarbeid eller andre kreative aktivitetar. Den første måndagen i kvar månad har vi husmøte circa klokka 13.00.
  • Anna kvar tysdag, i oddetalsveker, frå klokka 18-20 er det kafè i regi av Mental Helse. Påmelding innan klokka 15 same dag. Middag kan kjøpast.
  • Torsdag, klokka 10.00 - 15.00.
  • Fredag, klokka 11.00 - 15.00: Denne dagen Ankeret kun ope for kvinner. Ønskjer du å treffe andre kvinner og vere med i eit fellesskap i trygge rammer, er du velkomen til oss! Dagen kan bestå av ulike aktivitetar, som til dømes sjå ein film, handarbeid, og hyggelege samtalar. Vi lagar lunsj saman.

Du treng ikkje søkje om plass. Ring oss eller møt opp når me har ope.

Kontakt oss

Kvassnesvegen 17
Underetasjen
5914 Isdalstø

Merete Jacobsen, miljøterapeut.
Tlf: 46 88 64 13

Monica R. Jakobsen, fagansvarleg.
Tlf: 94 53 23 78

Du finn oss på Facebook under Ankeret Aktivitetssenter

Ner Kolås, Lindås

Ner Kolås er eit arbeids og aktivitetssenter. Senteret ligg på Lindås og ligg under avdeling for psykisk helse og rus.
På aktivitetssenteret har vi ulike aktiviteter, alt i fra matlaging, handarbeid, verkstad, musikk, hage- og utearbeid, spel, turar, friluftsliv og svømming. Fokuset er å ha gode dagar i eit godt fellesskap.

Ner Kolås har fokus på arbeidstrening og aktivitet i eit trygt sosialt fellesskap. Senteret er eit tun med fleire bygningar.

  • I kjellaren driv vi med handverksaktivitetar
  • I snikkarbua driv vi med trearbeid
  • I løa produserer vi ved for sal
  • Enkelt vedlikehald av eigedommen

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post på vanleg måte.

Trykk her for å få meir informasjon om korleis du kan sende søknaden elektronisk på ein trygg måte.

Du kan også:

  • levere søknaden og vedlegga på innbyggjarservice i Knarvik, på Frekhaug eller Manger
  • sende søknaden med posten til Alver kommune, Forvaltningskontoret, Postboks 4, 5906 Frekhaug

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis, men du må betale for mat. Lunsj kostar kroner 50,-

Kva får du?

  • Du får tilrettelagte arbeidsoppgåver og ein avtale om arbeidsoppgåver som er tilpassa deg.
  • Du får arbeidstrening og aktivitet i eit trygt og sosialt fellesskap.
  • Transport.

Krav til søkjar

  • Du må vere i aldersgruppa 25-67 år. I særskilte tilfelle kan personar mellom 18-25 år få plass.
  • Du må like og klare å delta i gruppeaktivitetar.

Trykk her for retningslinje for tildeling av plass ved Ner Kolås arbeids- og aktivitetssenter

Kva skjer vidare?

  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 1. mars kvart år. Du må søkje for kvar ny periode. Dersom det blir ledige plassar midt i ein periode, kan vi tildele desse etter kvart.

Kontakt oss

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på vanleg e-post.

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

Aktiv Saman, Manger

Aktiv Saman er eit tilbod til menneske med psykiske helse og/eller rusproblem. Vi har ope anna kvar torsdag frå klokka 10.00 – 14.00. Fokuset er å vere saman med andre i eit sosialt fellesskap der vi lagar mat, spelar bingo, markerer høgtider, går turar og driv med ulike former for handarbeid. Deltakarane får vere med å lage meny og lage plan for ulike aktivitetar ein kan drive med.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kontakt oss

Om dette er noko du ønskjer å vite meir om eller du ønskjer å vere med, så kan du kontakte; 

Jannice Myrmel-Isaksen, fagansvarleg.
Tlf: 45 37 61 08

Monica R. Jakobsen, fagansvarleg.
Tlf: 94 53 23 78

Bassenggruppe, Manger/Radøyhallen

Kvar fredag har Psykisk helse og rusteneste i Alver tilgang til begge bassenga i Radøyhallen. Radøyhallen har eit terapibasseng og eit 25-metersbasseng. Dette er eit tilbod til deg som har ei teneste i psykisk helse og rus.

Tidspunkt 

Klokka 13.30 - 14.30.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kontakt oss

Jannice Myrmel-Isaksen, fagansvarleg.
Tlf: 45 37 61 08

Monica R. Jakobsen, fagansvarleg.
Tlf: 94 53 23 78

Arbeidsaktiv

Prosjekt Arbeidsaktiv er eit arbeidstreningstilbod for personar med rusrelaterte helseproblem. Målet er å gjennom arbeid og oppfølging gjere den enkelte deltakar betre rusta, og moglegheit til å bygge opp nok sjølvtillit til å ta steget ut i arbeid, eller kunne nyttiggjere seg av tilboda NAV har på dette området.
Prosjektet vil prøve å ivareta den enkelte deltakar sine ønskjer og behov, slik at utfordringar og krav vil gje gode opplevingar av mestring og utvikling.
Prosjektet blir tildelt arbeidsoppdrag av drift og vedlikehald i eigedomsavdelinga i kommunen, mellom anna oppgåver som høyrer til grønt-avdelinga i kommunen.

Prosjekt Arbeidsaktiv har som målsetnad for deltakarar

  • å skape tryggleik og trivnad, og bidra til betre helse og økt livskvalitet
  • å skape ein meir aktiv og meiningsfull kvardag
  • å oppleve mestring av arbeidslivet sine krav og oppgåver
  • at tilbodet skal vere fleksibelt og individuelt tilrettelagt

Prosjekt Arbeidsaktiv sine verdiar:

  • Rusfri i eit rusfritt arbeidsmiljø
  • Arbeidsoppgåver til inspirasjon, fagleg og sosialt
  • Samarbeid – respekt og ansvar gir vekst

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kva får du?

  • sosial trening og ein strukturert kvardag
  • arbeidserfaring gjennom arbeidsoppgåver innan blant anna vedlikehald og grøntanlegg
  • betre psykisk og fysisk helse
  • erfaringar omkring samarbeid med andre
  • medverknad rundt planlegging og gjennomføring av arbeidsoppgåver
  • individuelt fokus og individuelle mål

Krav til deltakarar

  • det er krav til at du er rusfri i arbeidstida
  • du deltar i eit team
  • ha ein eigen motivasjon for å vera med

Kontakt oss

Om du tenker at dette kan vere noko for deg, kan du ta kontakt med:

Sjursehuset

Sjursehuset er eit aktivitetstilbod til menneske med psykiske plagar og rusproblem. Sjursehuset ligg på Frekhaug og har tre ulike tilbod.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis, men du må betale for lunsj.

Kva får du?

Kvar tysdag har vi aktivitetsgruppe frå klokka 10 – 14. Då møtast vi til fast tid på Sjursehuset og legg plan for dagen saman. Som oftast reiser vi til ein aktivitet ca. klokka 11. Aktiviteten kan vere; tur i nærmiljøet, tur til eit kjøpesenter, bowling, korte fjellturar, kafèbesøk, tur til bruktbutikken, spele spel eller å ha besøk på Sjursehuset. Som regel er det mellom 5-10 personar med i gruppa kvar gong. Hovudmålet med aktivitetsgruppa er sosial trening.

Kontakt oss

Om du tenkjer at dette kan vere noko for deg, kan du ta kontakt med;

Jannice Myrmel-Isaksen, fagansvarleg.
Tlf: 45 37 61 08

Monica R. Jakobsen, fagansvarleg.
Tlf: 94 53 23 78

Du finn oss på Facebook under Sjusehusets venner - Mental helse Alver

Stig Inn

Stig inn - aktiv kvardag er eit tilbod til deg som har rusrelaterte  problem, og ønskjer at livet skal endre seg i ei meir positiv og aktiv retning. Tilbodet er ope for alle i denne målgruppa to dagar i veka, i tillegg har vi ein aktivitetsdag.

Du treng ikkje søkje om plass. Ring oss eller møt opp når vi har ope. Du kan møte opp ein eller fleire dagar om du vil delta på dei ulike aktivitetane

Opningstider


Tysdagar frå klokka 12.00 til 15.00.
Torsdagar frå klokka 12.00 til 15.00.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kva får du?

  • Tysdag og torsdag inviterer vi til sosialt samvær og ulike aktivitetar. Vi har pc som kan nyttast, og tilbyr lågterskel samtalar, råd og rettleiing ved behov. Det er felles lunsj begge dagar. Vi deler også ut gratis brukarutstyr og Nalokonspray.
  • Fredag har vi fokus på aktivitet. Annakvar fredag er det symjing i Radøyhallen, dei andre fredagane vekslar vi på å gå på tur, fiske m.m.

 

Krav til brukar

  • Du har eit rusrelatert problem
  • Du ønskjer endring i livet i ei meir positiv og aktiv retning
  • Du ønskjer å ta meir ansvar i livet ditt
  • Vi ønskjer at «Stig Inn- aktiv kvardag» skal vere ein trygg og god stad. Difor har vi saman utarbeidd eit sett med husreglar, og ventar at alle som nyttar tilbodet følgjer reglane.

Kontakt oss

Adresse: Kvassnesvegen 44, Knarvik. Lokalet vårt er i kjellaretasjen, inngang via parkeringshus.

Kontaktpersonar:

Jannice Myrmel-Isaksen, fagansvarleg.
Tlf: 45 37 61 08

Monica R. Jakobsen, fagansvarleg.
Tlf: 94 53 23 78

Onsdagsturen

Dette er eit rusfritt tilbod til personar med psykisk helse og/eller rusutfordringar. Vi går på ulike turar i Alver kommune. Du treng ikkje melde deg på, berre møte opp ved starten av Brekkeløypa klokka 12.30

Tidspunkt

Kvar onsdag klokka 12.30 – 15.00.

Kontakt oss

Jannice Myrmel-Isaksen, fagansvarleg.
Tlf: 45 37 61 08

Monica R. Jakobsen, fagansvarleg.
Tlf: 94 53 23 78

Fritidskalenderen

Ønskjer du å delta i ulike aktivitetar saman med andre? Fritidskalenderen er eit lågterskeltiltak i avdelinga for psykisk helse og rus, der vi har fokus på å gjere kjekke ting ilag med andre.
Mottoet til fritidskalenderen er: «Det er godt å vera saman med andre».

Du treng ikkje søkje for å delta. Vi har plass til fleire! Dersom du har lyst til å vere med, kan du ta kontakt med fritidsleiar for ein uformell samtale om dette er eit tilbod som passar for deg.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis, men du må sjølv betale for eventuelle måltid, billett- og inngangspengar og transport.

Kva får du?

Tilbodet skjer på ettermiddagstid og i helger, og vert leia av fritidsleiar. Programmet for Fritidskalenderen kjem ut annankvar månad og inneheld varierte aktivitetar. Aktivitetane varierer ut frå årstid og kva tilbod som til ei kvar tid er i regionen vår.
Eksempel på aktivitetar er musikkgruppe, filmkveld, kino, teater, trening, aktivitet og turar i nærområdet, utstillingar, konsertar.

Krav til søkjar

Dette er eit fritidstilbod til ei gruppe. Som deltakar ventar vi at du er med og tar ansvar for gode opplevingar for heile gruppa.

Kontakt oss

Jannice Myrmel-Isaksen, fagansvarleg.
Tlf: 45 37 61 08

Monica R. Jakobsen, fagansvarleg.
Tlf: 94 53 23 78

Trimgruppe - Frekhaug

På Frekhaug har vi tilbod om trening i gruppe. Du kan velje om du vil trene inne eller ute. Utetrening er som regel turar – kle deg då etter veret. Innetrening skjer på Meland aktiv med ulike treningsapparat – både kondisjon og styrke. Etter treninga er det felles avspenning og tøying.

Etter trening kjører vi til Sjursehuset kor vi et felles lunsj (ta med niste). Kaffi og te serverer vi, til dei som ønskjer det. Om du treng skyss treng vi å få beskjed om dette på førehand.

Hovudfokuset vårt er trening og eigeninnsats i fellesskap med andre.

Tidspunkt

Kvar torsdag klokka 11.00 - 13.30.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kontakt oss

Om dette er noko for deg eller du vil vite meir kan du kontakte;

Jannice Myrmel-Isaksen, fagansvarleg.
Tlf: 45 37 61 08

Monica R. Jakobsen, fagansvarleg.
Tlf: 94 53 23 78

Fontenehuset Bergen

Fontenehuset Bergen er eit arbeidsfellesskap for dei som har psykiske utfordringar. Fokus er inkludering, arbeidsmeistring og betre sjølvkjensle. Du treng ikkje henvisning og medlemsskapet er gratis.

Trykk her for meir informasjon


Sist oppdatert: 22.01.2024
Publisert: 05.07.2018