HjemKultur og aktivitetFriluftslivFiske i sjø og ferskvatn

Fiske i sjø og ferskvatn

Fiske i sjø

Alver kommune har lang kystline med ei rekkje fine fiskeplassar. Me kan mellom anna tilrå: 

  • Fosnstraumen (mellom Straume kai og Fosnstraumen bru). Området er også godt eigna til fridykking. NB: Straumen er svært sterk!
  • Toskavegen
  • Lurefjorden - like nord for Lurekalven
  • Lurosen
  • Risasjøen

For reglar for fiske i sjø, sjå nettsida til Statsforvaltaren i Vestland.

Innlandsfiske i innsjø og vassdrag

Mange vatn, elvar og vassdrag i Alver kommune er rike på fisk. Her kan du få alt frå gjedde til røye, aure og laks. Bestandene av sjøaure er sårbare grunna lus. 

Før fiske startar må du kjøpa fiskekort eller innhenta løyve hos fiskerettshavaren. Born som ikkje har fylt 16 år har rett til gratis fiskekort for å fiske med stang i perioden 1. januar til 20. august i dei delar av vassdrag der det ikkje går laks eller sjøaure. I den same tida har dei rett til gratis fiske med stang utan løyve frå grunneigar i vassdrag der ein ikkje sel fiskekort.

Her er nokre fiskevatn i Alver kommune som du kan prøve: 

  • Hallandsvatnet: Vatn med fin aure, gjedde og litt regnbueørret. Fiskekort kan kjøpast på YX Manger. Fiskekortet gjeld også for Kjesettjørna, Namtveittjørna og Birkelandsvatnet.
  • Storavatnet, Bjørndalsvatnet og Rylandsvatnet på Holsnøy: Aure og røye. Sjå nettsida til Midtre Holsnøy grunneigarlag for informasjon om fiske i desse vatna. 
  • Liavatnet, Midtvatnet og Havrevatnet på Holsnøy: Aure
  • Storelva er ei 8 km lang elv med sjøaure og brunaure. Fiskekort kan kjøpast på nettsida til Inatur

For meir informasjon om reglar for innlandsfiske i innsjø og vassdrag, sjå nettsida til Statsforvaltaren i Vestland


Sist oppdatert: 02.01.2023
Publisert: 04.08.2020