HeimKultur og aktivitetIdrett og kulturbyggSøk om tid i kommunale idrettsanlegg og kulturbygg

Søk om tid i kommunale idrettsanlegg og kulturbygg

Vil du søkje om fast tid i idrettsanlegg?

Frivillige lag og organisasjonar kan søkje om fast tid i kommunale bygg og anlegg i Alver kommune gjeldande skuleåret 2021/22. Søknadsfrist er 1.april.

Ein fyller ut søknadsskjema med informasjon om laget og tidene ein ønskjer. Det er styret i laget, eller utpeikt representant som skal søke tid. Det skal berre sendast inn éin søknad pr. organisasjon.

Trykk her for å kome til søknadsskjema

Tildelingsprosessen kan ein lese meir om i Utleigereglementet . Der finn ein mellom anna informasjon om prioritering av ulike grupper dersom ein har søkt same tid. Les kommunen sitt utleigereglement her.

Uansett korleis ein har søkt, eller ordna med fast leige tidlegare år er det viktig at ein no søker i skjemaet på denne sida. Det skal ikkje søkast via skulane. Dette gjeld alle lag, organisasjonar, foreiningar osb. som ønskjer fast tid i kommunale bygg og anlegg i Alver kommune.

Det vert eigen søknadsprosess for den nye fleirbrukshallen i Alversund seinare i haust. Ein skal altså ikkje søke tid der no. Meir informasjon om dette kjem når det vert mogleg å søke.

Spørsmål kan rettast til:

Idrett: jan.gunnar.hovden@alver.kommune.no eller anders.olav.dale@alver.kommune.no
Kor/korps: sigrid.fivelstad@alver.kommune.no

Vil du søkje tid til enkeltarrangement?

Du kan nytte  Aktiv kommune for å søke tid til arrangement, eller om du finn ledig tid over periodar du, eller ditt lag ønskjer å søke om.

Trykk her for å bestille/søkje tid på aktiv kommune 

Les om korona-restriksjonar i samband med leige av kommunale idrettsanlegg og kulturbygg.

Enkelttimar i terapibassenget

For å bestilla enkelttimar i terapibassenget når det er offentleg bading kontaktar du Radøyhallen på telefon 56 34 91 40 i opningstida til bassenget.

Leige av andre kommunale bygg og anlegg

Kontakt Innbyggjarservice på e-post booking@alver.kommune.no eller
telefon 56 37 50 00.

Prisar

Betalingssatsar for kommunale idrettsanlegg, møterom og kulturbygg.

Utleigereglement

Utleigereglementet inneheld ei oversikt over korleis du kan nytte kommunale lokale og anlegg og kva du må ta omsyn til.


Sist oppdatert: 02.09.2021
Publisert: 20.08.2018