Praktisk informasjon

Opptak
  • Søknadfrist til hovudopptak er 20.april og oppstart er i august
  • Ved tildelt plass vil du få eige skriv om dette før skuleslutt.
  • Elevar som ikkje får plass, fortsett på ventelista.
  • Vi gjer opptak av ledige plassar gjennom året og sender tilbod om elevplass når det er din tur.
  • Har du elevplass må denne stadfestas kvart år innan 20 april. Påminning kjem per epost.
Bindingstid
  • Ein elevplass gjeld for eitt kulturskuleår om gongen, og er bindande.
  • Om du ikkje takkar nei til tilbod om plass innan sju (7) dagar, er plassen akseptert og eigendelen vert fakturert.
  • Re-registrering (fornying) av plass er også bindande og neste semester vil då verta rekna som påbegynt, og eigendel vert fakturert.
  • Elevar som av uførutsette årsaker må slutte i løpet av kulturskuleåret, til dømes ved sjukdom, flytting eller andre særskilde grunnar, kan søkje redusert betaling. Kulturskulen har eige skjema (under fana prisar) gjeldande søknad om redusert eigendel grunna sjukdom. Legeerklæring er obligatorisk.
Utmelding

Utmelding for neste skuleår må gjerast gjennom re-registreringa i speedadmin, der ein markerer nei på spørsmål om ein vil fortsetje. Frist er 20. april. Dvs at det ikkje er høve til å melde seg ut i løpet av skuleåret (sjå bindingstid).

Leige av instrument

Elevar som søkjer seg på instrumentundervisning, må ha instrument å øve på heime.

Kulturskulen har nokre instrument til utleige for nye elevar det første undervisningsåret. Det er høve til å leige lenger om det er ledige instrument, men til høgare leigepris.
Fiolin og gitar i redusert storleik leigast ut så lenge eleven treng instrument, til same faste pris.

Vi har desse instrumenta til utleige:

  • El-piano
  • Fiolin
  • Gitar
  • Trekkspel
  • Trommesett
  • Tverrfløyte
  • Xylofon


Leigetakar må betale slitedelar som strengar til strykeinstrument og gitarar, Ved eventuell skade på instrumentet må reparasjonsutgift dekkast av den einskilde leigetakar.

Materiell
  • Elevane sørgjer sjølve for å kjøpe notar/materiell/kostyme osb. som skal brukast i undervisninga.
  • Elevane betalar sjølve fliser til treblåseinstrument etter behov.
  • Kostnad til materiell/noter o.a. som kulturskulen legg ut, vert fakturert med eigendelen.
  • I faga visuelle kunstfag, teater og dans vert derimot ein fast pris for materiell fakturert saman med eigendel. Sjå prisar.
Reglement

Trykk her for å sjå kulturskulen sitt reglement


Sist oppdatert: 07.04.2022
Publisert: 10.03.2022