Undervisningstilbod

Gruppetilbod 4-7 år

Dans 4-5 år

I dans er kroppen instrumentet. Gjennom dansen utforskar og utviklar du rørsle, koordinasjon, musikalitet, kroppsbevisstheit, spontanitet og uttrykk.

Danseklassen er ein skapande og leikbasert undervisningstime med fart, rytme og grunnleggjande danseteknikk.
Me brukar musikk frå ulike verdsdelar og kjend og kjær barnemusikk.

Kvart semesteret (haust og vår) deltek me på felles framsyning med alle dansarar.

Er barnet ditt glad i musikk og rørsle, bli med oss og dans!

Undervisningstadar:

Meland aktiv: torsdagar

Knarvik, kulturskulehuset: onsdagar

Her kan du søkje:

Innlogging – søknad for nye elevar
Påmelding - Alver kulturskule (speedadmin.dk)

Musikk og leik

Tilbodet er for born under skulealder, 4-5 år.
I denne gruppa utforskar vi musikken sine grunnelement: lyd og rørsle. Vi syng, dansar, hoppar, snurrar, improviserar, klappar rytmar, har rim og regler, spelar instrument og leikar oss i dynamikk og tempo.

Målet er at borna som er med, ikkje berre skal lære gjennom musikk, men oppleve å vere ein viktig og deltakande del av den.
Vil barnet ditt syngje, danse og leike med oss, så meld på!

Undervisning i Knarvik og Frekhaug og evnt. andre stader om det er søkjarar nok.

Her kan du søkje:

Innlogging – søknad for nye elevar
Påmelding - Alver kulturskule (speedadmin.dk)

Kultursirkel 1.-2.trinn

Faget har fokus på musikk, rørsle og rytmar. Vi syng, spelar instrument, leikar, lyttar og lærar litt om teori, som instrumentkunnskap og noter.
Ein viktig del av faget, er også hospitering i dei ulike faga i kulturskulen, som dans, teater, kunst og instrument. Slik er det meint at elevane skal finne ut om kulturskulen har tilbod som er noko for dei.

Undervisningsstad:

Alversund skule - torsdagar i SFO-tid

Knarvik skule - torsdagar i SFO-tid

Knarvik, kulturskulebygget - måndagar om ettermiddagen

Meland aktiv - tysdagar om ettermiddagen

Her kan du søkje:

Innlogging – søknad for nye elevar
Påmelding - Alver kulturskule (speedadmin.dk)

Blås

Fløyte

Fløyte/tverrfløyte er eit instrument i treblåsfamilien, sjølv om instrumentet er laga av metall. Instrumentet vert brukt til solospel, samspel i små grupper, i korps og symfoniorkester.
Du lærer speleteknikkar tilpassa ditt nivå, notelesing, fine melodiar i ulike sjangrar, kule soloar og gøy duettspel. Samspel og konsertar er ein del av undervisninga.
Du bør ha din eigen fløyte, men du kan leige fløyte av kulturskulen.

Dette er eit tilbod frå 3.trinn

Klarinett

Klarinett er eit instrumentet i treblåsfamilien. Instrumentet vert brukt til solospel, samspel i små grupper, i korps og symfoniorkester. Du lærer speleteknikkar tilpassa ditt nivå, notelesing, fine melodiar i ulike sjangrar, kule soloar og gøy duettspel.
Dette er eit tilbod frå 3.trinn.

Obo

Obo er eit instrumentet i treblåsfamilien. Instrumentet vert brukt til solospel, samspel i små grupper, i korps og symfoniorkester. Du lærer speleteknikkar tilpassa ditt nivå, notelesing, fine melodiar i ulike sjangrar, kule soloar og gøy duettspel
Dette er eit tilbod frå 3.trinn.

Saksofon

Saksofon er eit instrument i treblåsfamilien, sjølv om instrumentet er laga av metall. 
Saksofon vert brukt til solospel, samspel i små grupper, i korps og storband.
Du lærer speleteknikkar tilpassa ditt nivå, notelesing, fine melodiar i ulike sjangrar, kule soloar og gøy duettspel. Samspel og konsertar er ein del av undervisninga.

Dette er eit tilbod frå 3.trinn

Kornett/trompet/flygehorn

Trompet og kornett er allsidige instrument, og er dei lysaste instrumenta i messingfamilien. Dei fins i korps, symfoniorkester, kammergrupper, jazz og vert ofte nytta som soloinstrument. Du lærer speleteknikkar tilpassa ditt nivå, notelesing, fine melodiar i ulike sjangrar, kule soloar og gøy duettspel.
Dette er eit tilbod frå 2. trinn.

Althorn

Althorn er eit musikkinstrument som høyrer til messinggruppa. Instrumentet har ein litt mørkare tone enn trompet/kornett og er lett å halde. Det er eit vanlig instrument i skulekorps og brassband, men passar også til solospel og mindre grupper. Du lærer speleteknikkar tilpassa ditt nivå, notelesing, fine melodiar i ulike sjangrar, kule soloar og gøy duettspel.
Dette er eit tilbod frå 2. trinn.

Baryton/eufonium

Baryton og eufonium er større enn althorn og tilhøyrer tubafamilien. Instrumentet har ein fin djup tone og er lett å spele på. Det er eit vanlig instrument i skulekorps og brassband, men passar også til solospel og mindre grupper. Du lærer speleteknikkar tilpassa ditt nivå, notelesing, fine melodiar i ulike sjangrar, kule soloar og gøy duettspel. Alt med fokus på meistring.
Dette er eit tilbod frå 2. trinn.

Trombone/basstrombone

Trombone er det einaste instrumentet i messingfamilien som ikkje har ventilar. Instrumentet har ein fin djup tone og er eit tøft instrument å spele på. Det er eit vanlig instrument i skulekorps, brassband og storband, men passar også til solospel og mindre grupper. Du lærer speleteknikkar tilpassa ditt nivå, notelesing, fine melodiar i ulike sjangrar, kule soloar og gøy duettspel.
Dette er eit tilbod frå 3.trinn.

Tuba

Tuba er det største instrumentet i messingfamilien. Instrumentet har ein fin djup basstone. Det er eit vanlig instrument i skulekorps og brassband, men passar også til solospel og mindre grupper. Du lærer speleteknikkar tilpassa ditt nivå, notelesing, fine melodiar i ulike sjangrar, kule soloar og gøy duettspel. 
Dette er eit tilbod frå 3. trinn.

Gitar/bass/band

Gitar

Har du lyst til å lære å spele gitar? På kulturskulen får du lære både akkordar (besifring) og melodispel (fingerspel/tab) med utganspunkt i songar og melodiar i ulike sjangrar som pop, viser og klassisk musikk.
Undervisninga er på nylonstrengar eller stålstrengar. Det vil også bli lagt opp til samspel og konsertar som ein del av undervisninga.
Elevane må ha eige instrument å øve på. Kulturskulen har utleige av gitar.
Tilbod for elevar frå 3. trinn.

El-gitar

Når du startar på el-gitar, så lærar du riff, akkordar, solospel, improvisasjon og litt teori.
For å søke på el.gitar må du har spelt akustisk gitar ei stund først.
Elevar frå 7. trinn kan søke el-gitar, sjølv om ein ikkje har spelt gitar før.
Du bør ha eigen el-gitar. Vi har utleige av instrument og gitarforsterkar.

El-bass

Har du lyst til å lære å spele el-bass? Her lærar du enkle bassgangar og korleis du skal lage dine eigne. Du lærar notar, besifring, oppbygging av akkordar og ulike sjangrar som pop, rock, vise og blues.
Bassisten er grunnsteinen i eit kvart «band» Du vil difor få moglegheit til samspel på ulike prosjekt og konsertar i kulturskulen etter kvart som du utviklar deg på el-bassen.
Tilbodet er ope for deg frå 4.trinn, anten du er nybyrjar eller har spelt ei stund. Ofte startar elevar på gitar og går over til bass etter kvart.
Kulturskulen leiger ut instrument og bassforsterkar.

Band

Band er eit tilbod til deg som har allereie har fått opplæring i eit bandinstrument eller har erfaring i eit bandinstrument og som ønskjer å nytte ferdigheitene dine i samspel. .
I band så kan du søkje om du spelar desse instrumenta:
Gitar, piano, song, el-bass, trommesett.

Slagverk

Slagverk

Eleven vil i undervisninga arbeide med puls og koordinering, lære noteverdi (skrive rytme).
Det er rom for samspel etter at eleven får grunnleggjande teknikk på plass. Undervisning også på anna perkusjon enn trommesett.
Tilbod for elevar frå 3. trinn.

Her kan du søkje:

Innlogging – søknad for nye elevar
Påmelding - Alver kulturskule (speedadmin.dk)

Musikkproduksjon/låtskriving/komposisjon

Låtskriving

Drøymer du om å lære korleis du kan lage songar og musikk, eller har du alt laga eigne låtar, men ønskjer å lære meir om dette. Målet i faget er at du skal få moglegheit til å jobbe med idèane dine, få rettleiing og hjelp til å arrangere og produsere dei. Undervisninga vert lagt opp etter nivå, bakgrunn og ønskjer.

Undervisninga er torsdagar i Knarvik. 

Tilbod for elevar frå 4. trinn.

Komposisjon og arrangering

Har du prøvd å lage eller komponere musikk på piano, gitar eller andre instrument, eller på Mac/PC? Har du lyst til å lære å arrangere musikken for fleire instrument?

Her vil vi jobbe med musikkteori, akkordar, basslinjer, lytting m.m.

Undervisninga er på torsdagar i Knarvik.
Tilbod for elevar frå 4. trinn.

Musikkproduksjon

Drøymer du om å lage og produsere din eigen musikk via data? Då er kanskje musikkproduksjon noko for deg?

Her lærer du korleis du brukar progammet Logic Pro X  (Som dei fleste profesjonelle i musikkbransjen brukar), du lærer å produsere din eigen musikk, jobbe i studio, komponere og lage eigne låtar.

Kva treng du av eige  utstyr?

•            Eigen bærbar Mac 

•            Headphones

•            LOGIC programvare

Undervisninga er torsdagar i Knarvik.

Tilbod for elevar frå 4. trinn.

Strykeinstrument

Fiolin

Her lærar du å bli kjend med instrumentet. Du får innføring i melodispel, notar, rytme. Du lærar å trene gehør, stemme instrumentet, intonasjon, klang og buebruk.
Konsertar og små framføringar er ein del av det å vere elev ved kulturskulen, og er svært viktig i utviklinga av alle som spelar eit strykeinstrument. Når du er moden for det, får du tilbod om å delta fast i samspelgrupper/orkester. Samspel står sentralt og er ein del av undervisninga.
Undervisninga skjer solo og i grupper.
Tilbod for elevar frå 4. trinn.
Du kan leige fiolin hjå kulturskulen om du ikkje har.

Fiolingruppe på Grasdal skule

Fekk du lært litt fiolin i fiolinprosjektet på skulen, eller er du ny og har du lyst til å lære deg fiolin? Då kan du gå på dette tilbodet etter skuletid.

Du kan leige fiolin på kulturskulen om du ikkje har.  Vi har ulike storleikar instrument til utleige, desse vel eleven i samråd med lærar.

Tilbod for elevar frå 4. trinn.

Her kan du søkje:

Innlogging – søknad for nye elevar

Påmelding - Alver kulturskule (speedadmin.dk)

Bratsj

Bratsj er storebror til fiolinen og er eit viktig instrument i strykeorkestra.
Du kan søkje på bratsj etter å ha spelt fiolin ei stund.
Tilbod for elevar frå 4. trinn.
Du kan leige bratsj hjå kulturskulen om du ikkje har.

Cello

Cello har ein dyp og fin klang. Den er større enn bratsjen, men mindre enn kontrabassen og er eit viktig instrument i strykeorkesteret.

Vi gir berre opplæring til nybegynnarar på dette instrumentet.

Tilbod for elevar frå 4.trinn.

Tangentinstrument

Piano

Piano er eit allsidig instrument, og passar til musikk i mange ulike sjangrar – klassisk, pop, jazz, vise, rock og anna underhaldningsmusikk. Du kan spele åleine og ilag med andre på det same pianoet. Du kan også spele ilag med fleire piano, andre instrument, ein vokalist eller eit band.
Du lærer å bli kjent med instrumentet ved å få spele både med og utan notar, bli kjent med ulike musikkstiler, utvikle tekniske ferdigheiter og besifring. Vi ønskjer at du har glede av å spele, bli sjølvstendig og kan bruke musikken i ulike høve, også seinare i livet.

Når ein vert elev i kulturskulen, vert det forventa at eleven øver heime og at elevar under 10 år vert følgt opp av føresette heime.
Tilbod for elevar frå 2.trinn.

Kyrkjeorgel

Kyrkjeorgel er for vidarekomne elevar på piano.
Her lærer du å spele på to manualar og med beina samstundes. Du lærer å spele enkle melodiar og stykke med bass og diskantnykle. Du lærer å bli kjend med alle piper og klangar i eit orgel og korleis du brukar desse i ulike musikk.
Eleven må ha tilgang på øvingsinstrument (kyrkje).
Tilbod for elevar frå 6. trinn

Trekkspel

Trekkspel eller «akkordeon» er eit allsidig instrument, og vert brukt i mange ulike sjangrar – folkemusikk, gamaldans, viser, jazz, danseband, popband og klassisk musikk. Kulturskulen underviser på knappetrekkspel svensk system, men undervisninga er open for andre system og instrument som pianotrekkspel.
Her lærer du spel etter notar og gehør, får innføring i ulike rytmar, melodibass og akkordar. Du lærer nye melodiar og stykke for trekkspelsolo og i lag med andre.
Du kan få leige instrument av kulturskulen.
Tilbod for elevar frå 1.trinn.

Her kan du søkje:

Innlogging – søknad for nye elevar
Påmelding - Alver kulturskule (speedadmin.dk)

Song

Lær å synge

Stemma har du alltid med deg, og er det personlegaste instrumentet av alle. Å lære å synge, er å «oppdage kroppen sin» og utvikle si eiga stemme og dermed seg sjølv. Stemma er eit instrument, som må trenast og øvast på, slik at du lærer å bruke ho riktig.

Vi har songundervisning her

Kulturskulebygget i Knarvik (måndag), Lindåshallen, Manger og Frekhaug

Songgruppe 1.-4. trinn

I nybyrjaropplæringa  og i  1.-4. trinn vert elevane undervist i grupper. Ved få søkjarar, kan 4.trinn verta tilbudt einetimar.

Song frå 5.trinn

Hos oss får du god rettleiing i å bruke stemma di med riktig stemmebruk, jobbe med klang, gehør og god tekstuttale (ulike språk) og lære å om formidling av bodskapen i tekstane. Det vert undervist i fleire ulike musikksjangrar, også mikrofontrening, men stemmen sitt potensiale og utvikling vil stå i sentrum.

Som ein del av songopplæringa i kulturskulen, skal alle elevane øve seg i fleirstemt song og det vert lagt opp til at eleven må delta i korsong/eller songgruppe i løpet av skuleåret. For elevane frå 7.trinn vert det songseminar ein laurdag kvar vår.

Her kan du søkje:

Innlogging – søknad for nye elevar.

Påmelding - Alver kulturskule (speedadmin.dk)

Dans

Dans

I dans er kroppen instrumentet. Gjennom dansen utviklar du koordinasjon, kreativitet, styrke, rørsle og musikalitet.
I danseklassen legg vi vekt på innlæring av klassisk ballett, showdans og moderne dans, samt kreativ dans og improvisasjon. Desse dansetypane gir deg stor variasjon i stil og musikk. Dei gir eit godt grunnlag for utvikling av rørsle og dans.
Dans er ein scenisk kunstart og arbeid med framsyning er ein naturleg del av å vere elev i kulturskulen.
Undervisninga skjer i grupper etter alder/klassetrinn og etter nivå/erfaring.

Tilbodet er for alle barn og unge frå skulestart til 20 år. 

Her kan du søkje:

Innlogging – søknad for nye elevar
Påmelding - Alver kulturskule (speedadmin.dk)

Teater

Teater

Bur det ein skodespelar i deg?
Kunne du tenkje deg å spele teater, kle deg ut, spele ei rolle og opptre for eit publikum? Då er teatertilbodet i Alver kulturskule noko for deg.
Teater er å formidle ei historie til eit publikum. Tenk å få gå inn i ei anna verd og få spele andre roller.
Undervisninga i teater fokuserer på uttrykk, kjensler, meistring, samhald og formidling.

Undervisninga skjer i grupper etter alder/klassetrinn og etter nivå/erfaring.
Dette er eit tilbod frå 1.trinn.

Undervisningsstad:

Frekhaug, måndagar.

Manger, vil bli starta opp om nok elevar.

Her kan du søkje:

Innlogging – søknad for nye elevar
Påmelding - Alver kulturskule (speedadmin.dk)

Visuelle kunstfag

Visuelle kunstfag

Eksempel på arbeid som er laga av elevar på visuell kunst

Gleda og energien i det å skape og eksperimentere står sentralt i faget visuell kunst. I undervisninga legg vi vekt på å utvikle kreativitet og eit sjølvstendig uttrykk. Vi gir også innføring i ulike materialar og teknikkar.

I periodar kan det vere aktuelt å samarbeide med andre elevar frå andre avdelingar i kulturskulen om ei felles utstilling.

Undervisninga skjer i aldersbestemte grupper. Undervisninga går føre seg i Knarvik og på Frekhaug,

Tilbodet er for alle barn og unge frå 6 -  20 år.

Her kan du søkje:

Innlogging – søknad for nye elevar
Påmelding - Alver kulturskule (speedadmin.dk)

Stop motion - produksjon av animasjonsfilm

Stop motion (også kalla punktfotografering og einskildbileteautomatikk) er ein animasjonsfilmteknikk. Her flyttar og fotograferar ein gjenstandar bilete for bilete, slik skapast ein illusjon av bevegelse og liv når bileta etterpå visast som samanhengande film. Visuelle kunstfag vert kombinert med enkle animasjonar.

Elevane skal jobbe både individuelt og delta i gruppeprosjekt. Både 3D former (laga av plastiline, leire), teikning og collage skal vekkast til live.

Kva treng du av utstyr?

  • eigen mobil med android (5.0 eller nyere)
  • app Stop motion studio (kostar ca 50 NOK)
  • enkel og liten stativ/mobilholdar.

Undervisninga er i Knarvik. Undervisning frå 6.trinn (11 år)

Her kan du søkje:

Innlogging – søknad for nye elevar
Påmelding - Alver kulturskule (speedadmin.dk)

Innføring til digital kunst

Eksempel på arbeid som er laga av elevar på digital kunst

Kulturskulen har no tilbod til elevar som har erfaring i kunstfaget og har grunnleggjande tekniske ferdigheter. 

Kva treng du av utstyr?

  • Eigen PC
  • Programvare som vert brukt
  • Evt. meir info frå læraren

Ønskjer du opplæring i digital kunst, så ta kontakt med din kulturskulelærar før du søkjer i re-registreringa.

Musikkterapi/særskild tilrettelagt undervisning

Musikkundervisning 

Målgruppa er barn, unge og vaksne som treng eit musikktilbod tilpassa deira livssituasjon. Det kan vere ulike diagnosar, funksjonshemmingar, sansetap - syns- og eller hørselsproblematikk, spesielle syndrom, generelle lærevanskar, sorgprosessar eller kulturelle utfordringar.

Vi ønskjer å tilby undervisning på fleire stader i kommunen. Musikkterapien kan skje individuelt eller i mindre gruppe.

 Musikkterapeuten vil nytte seg av musikalske teknikkar som improvisasjon, samspel, song, låtskriving, opplæring på instrument og ulike tilrettelagte musikkaktivitetar.

Vi ønskjer å få til eit samspel der eleven sjølv er aktiv deltakande - med utgangspunkt i dei ressursane og dei sterke sidene til eleven. Måla vert definert utifrå behova til den einskilde.

Her kan du søkje:

Innlogging – søknad for nye elevar
Påmelding - Alver kulturskule (speedadmin.dk)

Musikkgruppe for vaksne

Tilbodet er for ungdom og vaksne.

 Her lærar du å spele i lag på ulike instrument, song, improvisasjon, samspel og ulike tilrettelagte musikkaktivitetar.

Vi introduserer elevane for melodiar og songar tilpassa kvar einskilde sitt nivå.

Målet er å ha det kjekt og jobbe mot felles mål, som eigne konsertar og andre tilstellingar i kommunen.

Læraren vår har lang erfaring med slik undervisning, og lagar grupper med dei som fungerer best ilag.

 Vi har samspel for ungd/vaksne i Knarvik på dagtid og på Manger tysdag ettermiddag.


Sist oppdatert: 18.03.2022
Publisert: 10.03.2022