Tilskotsordningar og stipend

Tilskotsordningar for kultur og idrett

Kommunestyret vedtok 16. september 2021 nye retningsliner for kommunale tilskotsordningar for kultur og idrett. I retningslinene finn du oversikt over dei ulike ordningane, vilkår for å søkja og informasjon om handsaming, rapportering og høve til å klaga. 

Retningslinene har følgjande tilskotsordningar:   

Driftstilskot - søknadsfrist 15. november 

Det kan søkjast driftstilskot innan følgjande inndeling:

Idrett
Ordninga skal støtte oppunder aktivitet og drift i idrettslag under NIF og skyttarlag tilslutta DFS. Tildelinga vert basert på medlemstal.

Skulekorps og barnekor
Ordninga skal støtte oppunder aktivitet og drift i skulekorps og barnekor, og er basert på grunntilskot og medlemstal. Kor, vaksenkorps og andre musikklag Ordninga skal støtte oppunder aktivitet og drift i kor, vaksenkorps og andre musikklag, og er basert på grunntilskot og medlemstal. Andre Ordninga skal støtte oppunder aktivitet og drift, og er basert på heilskaplege vurderingar knytt til aktivitetsnivå og mangfald.

Kor, vaksenkorps og andre musikklag
Ordninga skal støtte oppunder aktivitet og drift i kor, vaksenkorps og andre musikklag, og er basert på grunntilskot og medlemstal.

Andre
Ordninga skal støtte oppunder aktivitet og drift, og er basert på heilskaplege vurderingar knytt til aktivitetsnivå og mangfald.

Søknadsskjema

For spørsmål om idrett: 

For spørsmål om musikk og andre

 

Tilskot til idrettsanlegg i privat eige - søknadsfrist 15. november

Idrettsanlegg i privat eige
Ordninga gjeld større ordinære idrettsanlegg i privat eige, for organisert idrettsleg aktivitet og konkurransar. Tilskota utarbeidast etter eige vektingsnøkkel.

Trykk her for å søke

Kulturprosjekt - søknadsfrist 15. april og 15. november

Ordninga skal støtte prosjekt innan kulturfeltet, opne arrangement og innkjøp av utstyr knytt til prosjektet. Produksjonsstøtte kan gjevast til utøvarar innan kulturfeltet, som kan vise til inngått avtale med velrenommerte visningsstadar for kunst, konsertlokale, plateselskap, forlag og liknande. Produksjonsstøtte skal gå til kostnadar ved prosjektet, men ikkje eigen løn.

Tilskot er behovsprøvd og kan eventuelt gjevast som underskotsgaranti. Underskotsgaranti til arrangement skal søkjast i forkant.

Søknadsfrist er 15. april og 15. november. 

Søknadsskjema

Kontakt

Idrettsprosjekt - søknadsfrist 15. april og 15. november

Ordninga skal støtte prosjekt innan idrettsfeltet, opne arrangement, og innkjøp av utstyr.

Tilskotet er behovsprøvd og kan gjevast som tilskot eller underskotsgaranti. Underskotsgaranti tilarrangement skal søkjast i forkant. Einskildutøvarar er ikkje omfatta av ordninga.


Søknadsfrist er 15. april og 15. november. 

Søknadsskjema

Kontakt

Friluftslivstiltak - løpande søknadsfrist

Ordninga skal støtte tilrettelegging og utvikling av friluftslivstiltak, og kan gjevast i form av materialar, gjerdeklyv, grinder eller benkar, eller som refusjon av utgifter. Det skal liggja føre ein skriftleg avtale med grunneigar der tilrettelegginga skal gjerast. Standard avtale om tilrettelegging og merking av turstiar bør nyttast. Det bør også liggja føre ein avtale omvedlikehald av stien på minst fem år 

For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:

Istandsetting av verneverdige kulturminne – søknadsfrist 15. november

Ordninga skal bidra til å ta vare på verdifulle og verneverdige bygningar, kulturmiljø og andretypar kulturminne i Alver kommune i privat eige. Kulturminne som er prioriterte i kulturminneplan og verneverdige kulturminne som ligg i omsynssone for kulturminne skal normalt prioriterast.

Restaureringa skal skje i tråd med antikvariske prinsipp, lokal tradisjon og i dialog med kulturminneansvarleg instans i Alver kommune.

Søknadsfristen er 15. november. 

Trykk her for søknadsskjema

Kontakt 

Mindre investeringar ved lokale kulturbygg – søknadsfrist 15. november

Ordninga skal støtte mindre investeringar i organisasjonseigde kulturbygg. Tilskot kan gjevast til kulturbygg, fleirbrukslokale, forsamlingslokale eller spesiallokale for kunst og kultur. Midlane kan nyttast til vedlikehald, ombygging og modernisering, men ikkje til drift. Det kan gjevast tilskot til mindre investeringar i og kjøp av utstyr og materiell.

Søknadsskjema

Kontakt

Arbeids- og etableringsstipend kultur og idrett - søknadsfrist 15. november

Kultur
Opptil tre arbeids- og etableringsstipend skal gå til kunstnarar/kulturutøvarar, som er heimehøyrande eller driv verksemd i Alver kommune, som har inntekt frå kunstnarisk, kulturell verksemd eller er under utdanning. Stipendet skal stimulere til lokal kulturutvikling.

Stipenda skal gå til følgjande tiltak:

  • Eigenutvikling og auking av kompetanse
  • Etablering av verksemd
  • Utvikling av lokalt kulturliv

Aktuelle uttrykksformer er musikk, dans, scenekunst, litteratur, biletkunst, kunsthandverk ogfilm/media.

Det er ikkje eige skjema for søknad om kulturstipend. Sjå under lenger nede under For begge stipendordningane for krav til kva informasjon søknaden skal innehalda.

Idrett
Opptil tre arbeids- og etablerarstipend skal gå til idrettsutøvarar, trenarar, dommarar eller idrettsleiarar som er del av, eller har bakgrunn frå og tilknyting til, idrettslivet i Alver. Stipenda skal støtte høva for å utvikle seg innan idretten, og prioritere søkjarar i aldersgruppa 15 – 26 år.

Stipendet skal gå til følgjande tiltak:

  • Eigenutvikling og kompetanseauking.
  • Kostnadar ved reise eller opphald i samband med trening utanfor kommunegrensene.
  • Utvikling av lokalt idrettsliv
  • Kostnadar ved utstyr eller omfattande individuell reiseverksemd ved nasjonale og internasjonale meisterskap.

Trykk her for å søke idrettsstipend

For begge stipendordningane:
Begge stipendordningane har ei øvre grense på kr 30 000.

Stipenda kan søkjast i samarbeid med idrettslag, musikklag og liknande.

Kulturstipenda skal delast ut etter ei vurdering av kunstnarisk innhald, gjennomføringsevne og verdi for det lokale kulturlivet.

Søknadar skal innehalde ein plan for tiltaket og bruken av stipendet, CV og døme på tidlegare arbeid. Idrettsstipenda skal delast ut etter ei vurdering av gjennomføringsevne og dokumenterte prestasjonar dei siste tre åra. Søknaden skal innehalde plan for tiltaket og bruken av idrettsstipenda,dokumentasjon av prestasjonar, CV og skriftleg uttale frå idrettslag og/eller særkrets eller særforbund.

Spørsmål kulturstipend

Spørsmål idrettsstipend

Fleirårig driftstilskot til lag, organisasjonar og institusjonar 

Alver kommune lyser ut midlar til driftstilskot til verksemder innan kultur og idrettsfeltet som har ei monaleg verdi for kulturlivet og driv kommunefemnande aktivitet og/eller verdi. 

Søknadsfrist 
Søknadsfrist er 1. mars kvart år. Søknadane skal handsamast i samband med økonomiplan. Ein vil difor ikkje få svar før i desember. 

Tilskot skal vere med å fremje eit aktivt og allsidig kunst, kultur- og idrettsliv i Alver. Kvar tildeling skal grunngjevast med klar forankring i Alvers politiske målsettingar og strategiar innanfor kulturområdet. 

Kven kan søke? 
Aktørar innan kunst‐, kultur‐ og idrettsfeltet i Alver kommune. Dette gjeld også aktørar som har hovudkontor utanfor Alver, men som driv si verksemd i kommunen. Verksemda skal vere ideell (ikkje‐kommersiell), ha eit tydeleg føremål innan kunst, kultur‐ og idrett og ha sterk verdi, det vil seie verdi for heile Alver kommune.  

Kva kan ein få støtte til?  
Driftstilskotet skal vere med på å sikre føreseielege driftsrammer for etablerte verksemder som har kontinuerleg aktivitet, høgt kvalitets- og kompetansenivå, langsiktige mål og betydning ut over lokale nedslagsfelt.  

Driftstilskot er ikkje knytt til eit særskilt tiltak/prosjekt, men gjeld verksemda som heile. Eit tilskot må vere knytt til verksemda sine eigne vedtekne føremål og planar, og grunngjeve ut frå Alvers politiske målsettingar og strategiar innafor kulturfeltet. Tilskot har eit langsiktig, strategisk preg og går som hovudregel til varige føremål.  

Ein kan maksimalt søkje for ein valperiode som er 4 år, gjeldande frå 2024.  

Det er dei til ein kvar tid gjeldande økonomiske rammar som gjeld for ordninga. Tilskot gitt over fleire år vert rullert årleg i samband med økonomiplan.  

Rapportering  
Lag/organisasjonar og institusjonar som mottek driftstilskot, skal rapportere på drifta i påfølgjande år etter dei har motteke støtte, og innan 1. mars. Ved rapporten skal det ligge føre godkjend årsmelding og rekneskap.   

Om ikkje rapport blir levert innan frist, inneheld manglar, eller visar at tilskotet ikkje er nytta til formålet, vil vidare tilskot fråfalle og kommunen vil vurdere krav om tilbakebetaling for tidlegare år. 

For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:



Ungdomsrådsmidlar

Ungdomsrådmidlane - søknadsfrist 2. november og 3. desember

Ungdom kan søkje om støtte frå ungdomsrådet til tiltak og aktivitet som kan betre dei unge sitt oppvekstmiljø.

Til dømes:

  • oppstart av aktivitet eller prosjekt
  • innkjøp av utstyr og matriell
  • utvikling/formidling av kunst, kulturprodukjson og scene.

Neste søknadsfrist er 2. november og 3. desember. 

det kan søkjast om inntil kroner 5000,- frå ein aktør. Ved to eller fleire aktørar i samarbeid kan det søkjast om inntil 15.000.

Trykk her for meir informasjon om ungdomsrådmidlane

Trykk her for å søkje ungdomsrådmidlar

Tilskotsportalen

Alver kommune vil ta i bruk Tilskuddsportalen som er ein portal der du kan få oversikt over ulike ordningar for tilskot til laget ditt.  

For å få tilgang, ta kontakt med: 

Alver kommune kan berre gje tilgang til lag og organisasjonar som er heimehøyrande i kommunen. 

Sluttrapport prosjekttilskot

Under finn du skjema for:

  • endringar i planlagt/pågåande prosjekt
  • sluttrapport

Trykk her for å fylle ut skjema


Sist oppdatert: 10.11.2022
Publisert: 13.01.2020