HeimSkatt, næring og landbrukNæringEtablerarhjelp og gründerhjelp

Etablerarhjelp og gründerhjelp

Treng du hjelp til å etablere verksemda di? Ta gjerne kontakt.

Trykk her for kontaktinformasjon

Trykk her for meir informasjon om etablerarfond for Bergensregionen

Elles finst det mange gode hjelparar i regionen og fylket vårt. Under finn du eit utval aktørar.

  • Altinn.no har samla det du treng å vite for å starte og drive di eiga bedrift.
  • Hordaland fylkeskommune har utvikla ein eigen vegvisar for nyskaping i Hordaland, Kom-an.no. Lurar du på kven dei ulike aktørane i fylket er, er dette ein god start. Her finn du oversikt og hjelp til det meste.
  • Industriutvikling Vest er eit utviklingsmiljø for både gründerar og etablerte bedrifter. Her får du tilbakemelding på den gode ideen din, og kan søke om midlar til å gjennomføre eit utviklingsprosjekt.
  • Nordhordland Næringslag er ein interesseorganisasjon som arbeider for å fremje næringsutvikling i Nordhordlandsregionen. Næringslaget har 360 medlemsbedrifter.
  • Klar Bedrift AS Selskapa Nordhordland Næringshage AS og Gulen og Masfjorden Næringshage AS starta sitt samarbeid i 2015, og utvikla med åra eit godt kompetanseteam som utfylte behova i næringslivet i form av deling av nettverk og kompetanseheving mellom bedriftene tilknytt næringshageprogrammet. I 2020 valde næringshagane å fusjonere selskapa og endra namn til Klar Bedrift AS. Eit viktig satsingsområde er det store potensialet i vekst og utvikling i grøne og blåe næringar. Klar Bedrift er driftsselskap for det nasjonale Næringshageprogrammet til Siva og fylkeskommunen

    Tilknytt næringshageprogrammet har dei meir enn 60 bedrifter innan reiseliv, industri, landbruk og marine næringar som medlemmar. Difor er det eit stort potensiale jamfør regionalt bedriftsnettverk/ klyngesamarbeid, særskilt med tanke på produktutvikling, sal og marknadsføring nasjonalt og internasjonalt.

  • Region Nordhordland har ei rekkje tilbod for etablerarar. Gjennom regionrådet kan du melde deg på ulike kurs, delta på temasamlingar eller møte andre gründerar.
  • Vestland fylkeskommune har laga ein oversikt som kan vere nyttig.
  • Driftig.no er også for deg som skal starte eller vidareutvikle ei verksemd.

Går du med ein gründer i magen?

Her har vi samla nokre nyttige lenkjer for deg.


Sist oppdatert: 14.06.2021
Publisert: 01.08.2018