Karriererettleiing

I løpet av yrkeslivet vil mange stå overfor fleire karriereval. Dette kan vere utfordrande. Karriererettleiing kan gjere deg bevisst på kva du vil, kven du er og kva du kan.

Kva kan vi hjelpe deg med?

  • utforske dine jobb- og utdanningsmoglegheiter
  • finne ut kva som motiverer deg og kva for arbeidsoppgåver du liker og meistrar
  • lære metodar for å gjere gjennomtenkte og bevisste karriereval
  • kartleggje din kompetanse og dine interesser
  • få innspel og informasjon om jobbsøkjarprosessen, CV/søknad og jobbintervju

Slik får du kontakt med oss

Karriererettleiarane i Alver:

Besøksadresse: Hagellia 6 (2. etasje), Isdalstø. Grunna korona-viruset er det fortida rettleiing per telefon og video. Du finn oversikten kor vi har opne lokale i bestillingskjemaet.

Slik bestiller du time:

Fyll ut skjema for bestille rettleiingstime her.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om tilbodet på Vestland fylkeskommune si heimeside.

 


Sist oppdatert: 02.03.2021
Publisert: 26.01.2021