HjemSkatt, næring og landbrukNæringSøkje næringsfond og andre støtteordningar

Søkje næringsfond og andre støtteordningar

Næringsfondet i Alver 

Alver kommune vil bidra til nyskaping og næringsvekst gjennom stimulering av eksisterande verksemder og arbeidsplassutvikling med vårt næringsfond.

Du kan lese meir om målsettinga for næringsfondet i fondsvedtektene.

Trykk her for å sjå vedtektene.

Kven kan søkje?

Næringsfondet kan nyttast både til tiltak for verksemder og til tilretteleggande næringstiltak i regi av kommunen eller andre typar organisasjonar, til dømes:

  • Føretak med forretningsadresse i Alver kommune
  • Samarbeidstiltak med lokale føretak
  • FOU-aktørar i samarbeid med lokale føretak
  • Kommunale næringsutviklingsprosjekt
  • Næringsutvikling i landbruket som ikkje får stønad frå landbrukets vanlege stønadsorgan

Verksemder som treng å ta eit nytt steg etter oppstartsfasen, eller etablerte verksemder som treng hjelp til å realisere eit nytt marknadspotensiale eller internasjonalt vekstpotensial vil vere prioritert.

Slik søkjer du

Aktuelle søkjarar er verksemder med forankring i Alver kommune.
Søknad meldast digitalt.

Trykk her for å komme til søknadsskjema.

Søknadsfrist er 1. mai, 2024.

Søkjarar som ønskjer at søknaden skal handsamast konfidensielt, må opplyse om dette i søknaden.

Kontakt oss

Har du spørsmål knytt til næringsfond for Alver? 

Eller har du fått innvilga støtte og har spørsmål om utbetalinga?

Tak kontakt med hovudkontaktperson for Alver næringsfond:

Kate Bentzen
Rådgjevar næring
Tlf: 48 20 72 57
E-post: kate.bentzen@alver.kommune.no

eller hovudprosjektleiar næring og arbeid, Tove Hagenes,
E-post: tove.hagenes@alver.kommune.no

Meir informasjon

Trykk her for næringsanalyse for 2019

Presentasjon av næringsfondet

Andre støtteordningar

Det finst fleire støtteordningar for deg som startar eller utviklar ei bedrift. Her er ei samling av fleire.


Sist oppdatert: 19.04.2024
Publisert: 01.08.2018