Kommunale planar i prosess

Her finn du informasjon om kommunale planar som er i prosess.

Kommuneplanen
  • Vi jobbar no med kommuneplanen for Alver. Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsverktøy. Kommuneplanen består av to delar, ein samfunnsdel og ein arealdel.

    Samfunnsdelen seier korleis vi vil utvikle samfunnet, kva vi skal satsa på, kva visjonar og mål vi har for framtida - og kva vi må gjere for å koma dit. Arealdelen seier korleis vi skal utvikle areala våre, kva vi skal leggje til rette for kor i kommunen, til dømes kor vi skal byggje nye hus, vegar, møteplassar og næring.

    Les meir om kva ein kommuneplan er her: 
    § 11-1. Kommuneplan - regjeringen.no

    I tida fram til Alver kommune får ny kommuneplan er det dei eksisterande overordna planane i dei tidlegare kommunane Lindås, Meland og Radøy som gjeld. Desse er no kommunedelplanar i Alver. Trykk her for meir informasjon om desse planane.

    Samfunnsdelen:  Her kjem meir informasjon

    Kontaktperson: Line Thuen Waage; Line.Thuen.Waage@alver.kommune.no

    Arealdelen: Her kjem meir informasjon

    Kontaktperson: Marte Hagen Eriksrud; Marte.Hagen.Eriksrud@alver.kommune.no

Kommunedelplan for E39 Flatøy-Eikefettunnelen

Planforslag er under utarbeiding basert på vedteke planprogram.

Statens vegvesen, med bistand frå Norconsult, utarbeider planforslaget.
Nettside for planarbeidet finn du her: Prosjektside
Alver kommune er planmynde.

Kontaktperson i Alver kommune er:
Rådgjevar Marte Hagen Eriksrud, plan og analyse
E-post: marte.hagen.eriksrud@alver.kommune.no

Kommunedelplan - Helse, sosial og omsorg

Samstundes med utarbeiding av ny samfunnsdel til kommuneplanen er det bestemt at det skal utarbeidast kommunedelplanar for Helse,sosial og omsorg samt for oppvekst. Planarbeidet er starta og prosess med godkjenning av planprogram er gjennomført.

Her er: Vedteke planprogram.

Kontaktperson i Alver kommune er: 
Rådgjevar Hans Kristian Dolmen, plan og analyse
E-post: hans.kristian.dolmen@alver.kommune.no

Kommunedelplan - oppvekst

Samstundes med utarbeiding av ny samfunnsdel til kommuneplanen er det bestemt at det skal utarbeidast kommunedelplanar for Helse,sosial og omsorg samt for oppvekst. Planarbeidet er starta og prosess med godkjenning av planprogram er gjennomført.

Her er: Vedteke planprogram.

I løpet av våren 2021 har det vore stor aktivitet i medverknad for planen. Mange medverknadsmøte er halde gjennom bruk av Teams. Det har gått veldig bra, og det er kome inn mange gode innspel til planen. På møta blei det informert noko om statestikk m.v. Vidare vart det gjennomført gruppearbeid der ein fekk diskutert noverande styrker og framtidig potensiale/utfordringar. Både interne og eksterne fagmiljø har delteke. Samstundes med dette er det gjennomført ei kvalitativ spørjeundersøking internt i kommunen.

Alle innspela frå medverknadsmøta er no lagt inn og gruppert i rapportar.
Desse kan du sjå her:

RAPPORT FRÅ MEDVERKNADSMØTE REFERANSEGRUPPER
RAPPORT FRÅ INTERN UNDERSØKING

Det vert no arbeidd med å laga planforslag. Vi vil i denne fasen også konferera planarbeidet med ulike referansegrupper. Vi planlegg for vedtak om offentleg høyring og ettersyn på nyåret. Det vi seie tidleg 2022, då i etterkant av arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel.

Kontaktperson i Alver kommune er: 
Rådgjevar/prosjektleiar Rolf Raknes, plan og analyse
E-post: rolf.raknes@alver.kommune.no

Områdeplan for Langelandskogen

«Områdeplan Langelandskogen er ein offentleg plan som blir utarbeida gjennom eit offentleg- privat samarbeid mellom Alver kommune og Vestland eigedom, med Multiconsult AS som plankonsulent. Planforslag er under utarbeiding basert på vedtatt planprogram.

Oppdatering per oktober 2021: Tenesteområdet plan og analyse v/ Alver kommune og Multiconsult AS har på vegne av Alver kommune og Vestland eigedom levert planforslag til handsaming hos tenesteområdet planforvaltning ved Alver kommune.

 Kontaktpersonar i Alver kommune er:


Sist oppdatert: 25.11.2021
Publisert: 27.03.2020