Kommuneplanen sin arealdel

Kommuneplanen sin arealdel er ein plan som styrar utviklinga av arealbruk i heile kommunen. Planen er juridisk bindande.

I tida fram til Alver kommune får ny kommuneplan er det dei eksisterande overordna planane i dei tidlegare kommunane Lindås, Meland og Radøy som gjeld. Desse er no kommunedelplanar i Alver.
Trykk her for meir informasjon om desse planane.


Organisering

Utval for areal, plan og miljø er politisk styringsgruppe for arbeidet. Plan og analyseavdelinga har ansvar for å utarbeide planen, i tett samarbeid med andre relevante avdelingar i Alver kommune.

Kontaktperson: Prosjektleiar Marte Hagen Eriksrud; Marte.Hagen.Eriksrud@alver.kommune.no


Kva skjer til kva tid ?

Førebels tidslinje for hovudaktivitetane i utarbeiding av kommuneplanen sin arealdel. Oversikten vert justert når planarbeidet er starta opp. Informasjon om tidspunkt for å gje innspel vil bli annonsert på heimesida til kommune, på sosiale media og i lokalaviser.

 

  • Mai 2022
    • Oppstart av arealdelen, 1. gangs vedtak av planprogrammet til arealdelen i utval for areal, plan og miljø. Planprogrammet er ei skildring av mellom anna dei tema og utgreiingsoppgåver som skal vurderast i planarbeidet, organisering, opplegg for medverknad og framdriftsplan.

  • Mai-august 2022
    • Høyring og offentleg ettersyn av planprogrammet til arealdelen og innspelsperiode til planforslaget. Kommunen inviterer til ulike aktivitetar og møter i høyringsperioden. Under offentleg ettersyn kan alle kome med innspel til planprogrammet. Alle innspel vert handsama og vurdert før planprogrammet vert vedteke. I tillegg vert det lagt opp til at innspelsperioden til sjølve planen, til dømes innspel på endring av arealføremål, vert gjennomført i same periode.

  • Oktober 2022
    • Vedtak av planprogrammet til arealdelen i utval for areal, plan og miljø.

  • Haust 2022- haust 2023
    • Utarbeiding av planforslaget; gjennomføre utgreiingar, analysar, samt handsame og vurdere innkomne innspel.
  • Haust 2023
    • 1. gangs handsaming av planforslag til arealdelen i utval for areal, plan og miljø.

  • Haust 2023-vinter 2024
    • Høyring og offentleg ettersyn av planforslaget til arealdelen. Kommunen inviterer til ulike aktivitetar og møter i høyringsperioden. I denne perioden kan alle kome med innspel til planforslaget. Alle innspel vert handsama og vurdert før arealplanen vert vedteke.

  • Vår 2024
    • Vedtak av kommuneplanen sin arealdel i kommunestyret.


Slik kan du kome med innspel

Alver kommmune, ved plan og analyse, ber om at alle innspel til arealbruk, til dømes nye næringsareal eller bustadfelt, vert sendt inn i innspelsperioden for planarbeidet. Innspelsperioden for planarbeidet er planlagt i same tidsrom som høyring og offentleg ettersyn av planprogrammet, mai til august 2022. Alver kommune vil kunngjere tidspunkt for innspelsperioden, via avisannonsar, heimeside og sosiale media.

Orientering om rettar for den som leverer innspel til kommuneplan

Eit innspel til kommuneplanen kan vere eit råd, ein ide eller eit ynskje frå innbyggjarane, og er eit viktig kunnskapsgrunnlag for kommunen. Den kunnskapen kommunen får gjennom innspela vert vurdert og vekta mot anna kunnskap og ulike omsyn.

Det er viktig å vere klar over at eit innspel til kommuneplan ikkje er ein søknad og ikkje ei enkeltvedtakssak etter forvaltningslova (fvl) § 2 b. Ved innsending av innspel til kommuneplanen er ein ikkje part i saka. Det betyr at kommunen kommuniserer på anna vis enn i vanleg sakshandsaming.

I kommuneplanprosessen gjeld:

-   Kommunen har generell rettleiingsplikt etter forvaltningslova § 11.

-   Du har innsynsrett i plansaka sine dokument i samsvar med offentleglova.

-   Du må sjølv følgje saka på kommune si nettside.

-   Kommunen gjer ikkje eit eiga vedtak som gjeld ditt innspel, og du har ikkje krav på grunngjeving ut over det som går fram av plandokumenta og sakspapira.

-   Du har ikkje klagerett, korkje på korleis kommunen har vurdert ditt innspel, på kommunen sitt endelege vedtak om å godkjenne planen eller på sakshandsaminga, jf. plan- og bygningslova § 11-15.

Når kommunestyret har godkjent planen er saka avslutta og innspelet ditt ferdig handsama.

Kunnskapsgrunnlag

Her vert relevant kunnskapsgrunnlag for planarbeidet lagt ut.

Trykk her for generell statistikk og kunnskapsgrunnlag.

Presentasjonar

Her vert presentasjonar om planarbeidet lagt ut.


Sist oppdatert: 06.12.2021
Publisert: 06.12.2021