Kommuneplanen sin samfunnsdel

Vi jobbar no med Alver kommune sin første samfunnsdel.

Organisering

Formannskapet er politisk styringsgruppe for arbeidet. Plan og analyseavdelinga har ansvar for å utarbeide planen, i tett samarbeid med andre relevante avdelingar i Alver kommune.

Kontaktperson: Prosjektleiar Line Thuen Waage; Line.Thuen.Waage@alver.kommune.no

Kva skjer til kva tid? 

  • Mars 2020
    • 1. gangs handsaming av planprogrammet til samfunnsdelen i formannskapet. Planprogrammet er ei skildring av mellom anna føremål, tema og organisering av arbeidet med samfunnsdelen.
  • April-Juni 2020
    • Høyring og offentleg ettersyn av planprogrammet. I denne perioden kan alle kome med innspel til planprogrammet. Alle innspel vert handsama og vurdert før planprogrammet vert vedteke.  
  • September 2020
    • Vedtak av planprogrammet til samfunnsdelen i formannskapet.
  • Haust 2020/Vår 2021
    • Medverknadsperiode med ulike aktivitetar; spørjeundersøking, nærsenterturné, «Mitt Alver», tenketank med næringslivet, samtale med idrettsråd og kulturråd, og samtale med Ungdomsrådet, Eldrerådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne.

  • Vår 2021
    • Politiske verkstader med formannskapet, kommunestyret og alle utval i Alver kommune. Dei politiske verkstadane tok utgangspunkt i rapportane frå medverknadsperioden, samt statistikk og anna kunnskapsgrunnlag.

  • September 2021
    • Formannskapet og administrasjonen jobbar tett i lag med å utforme eit høyringsforslag.

  • November 2021
    • 1. gangs handsaming av høyringsutkastet til samfunnsdelen i formannskapet.

  • November 2021-februar 2022
    • Formannskapet legg samfunnsdelen ut på høyring og offentleg ettersyn til 15. februar 2022. Politikarane ønskjer ein aktiv høyringsperiode. Kommunen inviterer til ulike aktivitetar og møter i høyringsperioden. I denne perioden kan alle kome med innspel til høyringsutkastet. Alle innspel vert handsama og vurdert før samfunnsplanen vert vedteke.
  • Mars 2022
    • Gjennomgang av innspel til høyringsutkastet og utarbeiding av politisk sak til kommunestyret.  
  • April 2022
    • Vedtak av samfunnsdelen i kommunestyret.

 

Medverknad

Tidleg i prosessen inviterte vi innbyggjarar, politikarar, lag og organisasjonar og næringslivet til å kome med innspel på ulike måtar. Vi har fått inn over tusen innspel! Vi har samla alle innspela som kom i medverknadsperioden hausten 2020/våren 2021 i sju rapportar:


Samfunnsdelen er ute på høyring fram til 15. februar 2022

Samfunnsdelen er på høyring fram til 15. februar. Her kan du lese planen og komme med innspel: Alver kommune - Har du innspel til samfunnsdelen?


Vår framtidsvisjon for Alver

Vi vil at det skal vere attraktivt å leve, bu, arbeide og skape verdiar i Alver kommune – og ha vekst i folketal, arbeidsplassar og bedrifter. Vi vil vere eit nasjonalt tyngdepunkt for vekst og utvikling innan grøn industri. Vi vil utvikle heile kommunen.

Vår framtidsvisjon for Alver er bygd på fire hovudmål som fortel kor vi skal vere i 2040: 

  • Alver har attraktive senter og aktive lokalsamfunn. 
  • Alver har eit berekraftig næringsliv med Mongstad som Norges fremste industriklynge. 
  • Alver har eit rikt og inkluderande kulturliv som er ein drivkraft i samfunnsutviklinga. 
  • Innbyggjarane i Alver har god livskvalitet, trygge oppvekstvilkår og god helse. 

Sist oppdatert: 06.12.2021
Publisert: 06.12.2021