HeimPolitikk, administrasjon og høyringarHøyringar og kunngjeringarBegrensa høyring - Detaljreguleringsplan for Fv. 245 Fosse – Moldekleiv, med oppgradering av Fossekrysset

Begrensa høyring - Detaljreguleringsplan for Fv. 245 Fosse – Moldekleiv, med oppgradering av Fossekrysset

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 vert reguleringsplanen for Fv. 245 Fosse – Moldekleiv, med oppgradering av Fossekrysset planid. 1256 2016 0012 lagt ut på ei begrensa høyring.
Publisert: 09.12.2019
Sist endra: 09.12.2019

Endring av planforslaget etter opprinneleg høyring og offentleg ettersyn i februar 2019 omhandlar:

Utviding av ei omsynsone for bevaring av kulturmiljø, innskrenking av turgåarparkeringsplass, samt nokre endringar av private avkøyringar til fylkesvegen.

Den begrensa høyringa omfattar følgjande dokument:

  1. Plankart 1-6, datert 31.10.2019:
  2. Reguleringsføresegner, datert 22.11.2019
  3. Planskildring, datert 31.10.2019
  4. Høyringstekst, datert 04.12.2019

Høyringstekst er kunngjort i avisa Nordhordland og på kommunen si heimeside. Høyringstekst med vedlegg ligg også til gjennomsyn i resepsjonen på Rådhuset. Berørte grunneigarar, lag, organisasjonar og offentleg instansar er direkte tilskrive.

Perioden for begrensa høyring er sett frå 04.12.2019 – 06.01.2020.

Merknader til høyringa må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen. For å kome med merknad kan ein anten nytte kommunen sitt elektroniske høyringsskjema, sende e-post til postmottak@meland.kommune.no eller brev til Meland kommune, Postboks 79, 5906 Frekhaug.

Merknadsfrist er sett til 06.01.2020