HeimPolitikk, administrasjon og høyringarHøyringar og kunngjeringarOmrådereguleringsplan for Rylandshøgda, gnr. 43 - Høyring og offentleg ettersyn

Områdereguleringsplan for Rylandshøgda, gnr. 43 - Høyring og offentleg ettersyn

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10, har Utval for drift og utvikling 03.09.2019, som sak 80/2019 gjort vedtak om å leggje endra planforslag ut på nytt offentleg ettersyn.
Publisert: 25.09.2019
Sist endra: 25.09.2019

Føremålet med områdereguleringa er å leggje til rette for utvikling av områdesenteret Rossland. Innanfor planområdet vert det regulert for bustader ved etablering av nye bustadfelt og fortetting av eksisterande bustadområde.

Planforslaget omfattar føgjande dokument:

  1. Plankart, datert 25.09.19
  2. Reguleringsføresegner, datert 25.09.19
  3. Planomtale, datert 25.09.19
  4. Kulturhistoriske registreringar - rapport 12, datert 2017
  5. ROS-analyse, datert 17.12.18
  6. VA-rammeplan - fagnotat, datert 18.01.19
  7. VA-rammeplankart_G001, datert 18.01.19
  8. VA-rammeplankart_GH001, datert 18.01.19
  9. Vegtekniske forklaringer - fagnotat, datert 27.04.18
  10. Vegteikning_LAY_B-01, datert 24.04.18
  11. Vegteikning_LAY_C-01, datert 24.04.18
  12. Planvedtak, datert 03.09.19

Framlegg til plan vert ved høyring og offentleg ettersyn kunngjort i avisa 25.09.2019 og på kommunen si heimeside. Grunneigarar, lag, organisasjonar og offentlege instansar vert direkte tilskrive.

Plandokument og vedtak ligg óg til gjennomsyn i resepsjonen på rådhuset.

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 25.09.2019 – 06.11.2019.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen. For å kome med merknad kan ein enten nytte kommunen sitt elektroniske høyringsskjema, sende e-post til postmottak@meland.kommune.no, eller sende brev til Meland kommune, Postboks 79, 5906 Frekhaug. Merknaden stilast til planavdelinga.

Merknadsfrist er sett til 06.11.2019