HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarDetaljregulering for Langeland B5 - Offentleg ettersyn og høyring

Detaljregulering for Langeland B5 - Offentleg ettersyn og høyring

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 har Utval for areal, plan og miljø 11.06.2019, som sak 59/2019, gjort vedtak om å leggja planframlegg ut til offentleg ettersyn.

Formålet med planen er å leggje til rette for oppføring av einebustader og fleirmannsbustader i form av rekkjehus og leilegheitsbygg med tilhøyrande infrastruktur og funksjonar. Det er òg planlagt eit næringsbygg for bevertning, aktivitets- og konferansesenter heilt sør i planområdet. Samla legg planforslaget til rette for ca. 60 nye bustadeiningar og om lag 1900 m2 med næring. Grad av utnytting ligg på mellom 20-45 % BYA.

Sakspapir

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

1. Planomtale, sist revidert 10.02.21
2. Føresegner, sist revidert 10.02.21
3. Plankart, sist revidert 10.02.21
4. ROS-analyse
5. Merknader oppstart
6. Oppsummering merknader
7. KU-vurdering
8. VA-rammeplan
9. Skredfarevurdering
10. Situasjonsplan
11. Situasjonsplan utsnitt
12. Snitt
13. Fotoillustrasjonar
14. Vegprofil o_SKV2
15. Solstudie
16. Uttale NGIR
17. Uttale VA-rammeplan
18. Vedtak


Framlegg til plan vert ved høyring og offentleg ettersyn kunngjort i avisa Nordhordland. Grunneigarar, berørte naboar, lag og organisasjonar og offentlege instansar vert direkte tilskrive.

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 30.03.2021 – 10.05.2021

Slik kjem du med innspel

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen. For å kome med merknad kan ein enten nytte kommunen sitt elektroniske høyringsskjema eller sende e-post til post@alver.kommune.no. Du kan og sende brev til:

Alver kommune,
Postboks 4,
5906 Frekhaug.
Merknaden stilast til plan v/ Arealforvaltning.

Trykk her for kommunen sitt elektroniske høyringsskjema

Merknadsfrist er sett til 10.05.2021


Sist oppdatert: 09.04.2021
Publisert: 30.03.2021