Detaljregulering for Lindås gravplass på høyring
Detaljreguleringsplan for Lindås gravplass nedre, gbnr. 108/627 m.fl. ligg no ute til høyring.
Planen har planid. 46312023002.
Bakgrunn
I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 gjorde Utval for areal, plan og miljø 05.06.2024, som sak 70/24, vedtak om å leggja planframlegg ut til offentleg ettersyn.
Planområdet er på om lag 40 daa og ligg like ved Lindås nærsenter, nord i Alver kommune. Planforslaget legg til rette for 1000 nye kiste- og urnegraver på gravplassen mellom fylkesveg 57 og Lindås senter. Tilkomst til gravplassen, prosesjonsveg, tilhøyrande gangvegar, parkering og eit areal avsett til drift inngår også i plan.
Planframlegg med vedlegg finn du her: Lindås gravplass nedre.
Merknadsfrist er sett til 31.7.2024.
Slik kan du kome med innspel:
Perioden for offentleg ettersyn er frå 12.6.2024 – 31.7.2024.
Har du innspel til planen?
- Send innspelet sitt på e-post til post@alver.kommune.no.
- Du kan også sende innspelet med brev til
Alver kommune v/planforvaltning,
postboks 4,
5906 Frekhaug. - Merk innspelet ditt med "plan v/arealforvaltning".