HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarDetaljregulering for Manger barneskule

Detaljregulering for Manger barneskule

I medhald av plan- og bygningslova § 12-11 har Utval for areal, plan og miljø 1.9.2021, som sak 126/21, gjort vedtak om å leggja planframlegg ut til offentleg ettersyn.

Bakgrunn:

Detaljreguleringsplan for Manger barneskule, planID 12602019000300 legg til rette for å utvide uteopphaldsareala for elevane, utvida eksisterande skulebygg for å romme 220 elevar og rydde opp i den trafikale situasjonen ved skulen

Saksdokument:

Planframlegget omfattar følgjande saksdokument:

  1. Plankart_10.4.2021
  2. Føresegner_10.4.2021
  3. Planskildring med ROS_10.4.2021
  4. VA-rammeplan_7.4.2021
  5. VA_100_7.5.2021
  6.  VA_101_7.5.2021
  7. VA_102_7.5.2021
  8. Støyfagleg utgreiing_30.8.2019
  9. Skredfare vurdering_26.8.2019
  10. Forstudie_Utviding av Manger skule_25.9.2019
  11. Uttaler til planoppstart
  12. Oppsummering av kommentarar og innspel frå informasjonsmøtet
  13. Saksframlegg med vedtak 1 ghs_1.9.2021

Har du innspel?

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 10.9.2021 – 25.10.2021.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen 25.10.2021.

For å kome med merknad kan ein sende e-post til post@alver.kommune.no, eller brev til

Alver kommune
Postboks 4
5906 Frekhaug.

Merknaden stilast til Plan v/ Arealforvaltning.


Sist oppdatert: 10.09.2021
Publisert: 10.09.2021