Detaljregulering for Sauvågen næring og småbåthamn – Offentleg ettersyn & høyring
Planområdet er på omlag 19 daa, og er lokalisert ca. 8 km nordaust for Knarvik. Hovudformålet med planen er utviding av næringsareal ved utfylling i sjø og etablering av småbåthamn for 20 båtar. I tillegg skal det etablerast 2 naust.
Planframlegget omfattar følgjande dokument:
- Plankart_28.10.2022
- Føresegner_31.10.2022
- Planomtale_31.10.2022
- ROS-analyse_28.10.2022
- Illustrasjonsplan_28.10.2022
- Vurdering naturmangfald_20.10.2022
- Merknadsskjema_29.9.2022
- Uttaler oppstart
- Saksframlegg 1 ghs m vedtak_7.12.2022
Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 12.12.2022 – 23.1.2023.
Slik kan du kome med innspel:
Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen. For å kome med merknad kan ein sende e-post til post@alver.kommune.no, eller sende brev til Alver kommune, Postboks 4, 5906 Frekhaug. Merknaden stilast til Plan v/ Arealforvaltning.
Merknadsfrist er sett til 23.1.2023
Sist oppdatert:
19.12.2022
Publisert:
12.12.2022