HeimInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarDetaljreguleringsplan for Galteråsen næringsområde - offentleg ettersyn og høyring

Detaljreguleringsplan for Galteråsen næringsområde - offentleg ettersyn og høyring

 

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 har Utval for areal, plan og miljø 15.6.2022, som sak 088/22, gjort vedtak om å leggja planframlegg ut til offentleg ettersyn.

Planområde ligg på oppsida av Alverflaten, er på om lag 124 daa og ligg mellom to eksisterande næringsområde. Hovudformålet med planen er å legge til rette for utbygging av eit nytt næringsområde for lagerverksemd og annan plasskrevjande næring.

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

  1. Plankart_24.2.2022
  2. Føresegner_6.5.2022
  3. Planskildring m komplett ROS_6.5.2022
  4. Konsekvensutredning_11.1.2022
  5. Trafikkanalyse_16.12.2021
  6. Illustrasjonsplan_24.2.2022
  7. Illustrasjon tilstøtande planer_15.2.2022
  8. Terrengsnitt_11.3.2022
  9. Volumberekning_10.2.2022
  10. VAO-rammeplan_25.2.2022
  11. O2-rekneskap_25.4.2022
  12. Merknadsskjema oppstart_25.11.2021
  13. Merknadar oppstart_22.11.2021
  14. Saksframlegg 1 ghs_15.6.2022

Framlegg til plan vert kunngjort i avisa Nordhordland. Grunneigarar, råka naboar, lag og organisasjonar og offentlege instansar vert direkte tilskrive.

Slik kan du kome med innspel:

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 24.6.2022 – 26.8.2022

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen. For å kome med merknad kan ein sende e-post til post@alver.kommune.no, eller sende brev til:

  • Alver kommune,
    Postboks 4,
    5906 Frekhaug.

    Merknaden stilast til Plan v/ Arealforvaltning.

Merknadsfrist er sett til 26.8.2022


Sist oppdatert: 24.06.2022
Publisert: 24.06.2022