HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarHøyring - ny forskrift om innsamling og handsaming av hushaldsavfall

Høyring - ny forskrift om innsamling og handsaming av hushaldsavfall

Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS (NGIR) står føre oppsamling, innsamling, transport og handsaming av husholdningsavfall i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund.
Med heimel i Forurensingslova § 30, vedtok samtlege deltakarkommunar i NGIR ei felles lokal forskrift for innsamling med vidare av husholdningsavfall (forbruksavfall) – FOR-2000-10-05-1706.

Gjeldande forskrift har ikkje vore endra sidan 2000, og NGIR har gjort seg erfaringar med at forskrifta ikkje løyser alle forhold på ein god nok måte.
Kommunane og NGIR ser behovet for å gjere forskrifta tydlegare med omsyn til om det er NGIR eller kommunane som skal stå for ulike oppgåver knytt til husholdningsrenovasjonen, samt andre høve som har vist seg å være uklare i eksisterande forskrift.

Framlegget til ny forskrift er basert på gjeldande forskrift, og regulerer forholdet mellom abonnent/kunde på den eine sida, og NGIR (kommunane) på den andre sida.

Den nye forskrifta er meir systematisert og strukturert enn tidligare, og gjev NGIR meir rom for å supplere forskrifta med detaljert informasjon i rettleiarar og retningslinjer. Forskrifta vert difor meir dynamisk, og ein får høve til å tilpasse renovasjonsordninga teknologiske løysingar for avfallshandtering og andre endringar som kan oppstå, innanfor rammene til forskrifta.

Forrmannskapet gjorde i møte 11.03.2021 vedtak om å leggje forslag til ny renovasjonsforskrift ut på høyring.

Sakspapir

Slik kjem du med innspel

Høyringsuttalar skal sendast skriftleg og helst elektronisk til NGIR: post@ngir.no eller per post til:

Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS, 
Lindåsvegen 1260
5956 Hundvin.

Høyringsfrist er sett til 05.mai 2021.

Når høyringsperioden er over, vil innkomne uttalar og innspel verte vurderte. Endeleg framlegg til forskrift vil verte handsama i kommunestyret.
Når forskrift er vedteke vil den verte kunngjort i Norsk Lovtidende og gjort tilgjengeleg på Lovdata.no.


Sist oppdatert: 22.03.2021
Publisert: 22.03.2021