Handlingsplan mot vald i nære relasjonar

6. september 2022 vedtok utval for oppvekst, kunnskap og kultur å leggje planforslag for «Handlingsplan mot vald i nære relasjonar» ut til offentleg høyring og ettersyn, (sak 22/62698).

Planforslaget er lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med prosessreglane i plan- og bygningslova Kap. 11. 

Handlingsplanen er ein strategi i Alver kommune sitt førebyggjande arbeid for å bekjempe vald og overgrep. Planen skal bidra til at kommunen har fokus på temaet og at berørte får eit tilrettelagt og heilskapleg tilbod.

Framlegg til plan vert kunngjort i avisa Nordhordland.

Trykk her for å sjå planframlegg digitalt.

Trykk her om du ønskjer å opne planen som pdf-fil. 

Slik kan du kome med innspel

Perioden for offentleg ettersyn er frå 16.9.2022 til 31.10.2022.

Merknader til planforslaget kan sendast inn via e-post eller per post. 

Merk uttalen: SAK 21/8365 Høyring – Handlingsplan mot vald i nære relasjonar.

Merknaden stilast til Helsestasjon- og jordmortenesta v/Kjersti Risa Marøy.

Merknadsfrist er 31.10.2022


Sist oppdatert: 19.09.2022
Publisert: 19.09.2022