HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering - Vedteken reguleringsplan for Risøy

Kunngjering - Vedteken reguleringsplan for Risøy

I medhald av plan- og bygningslova (PBL) §12-12 er framlegg til plan handsama i Kommunestyret 25.3.2021, som sak 027/21, med slikt vedtak:

«Alver kommunestyre godkjenner framlegg til reguleringsplan for Risøy, del av gnr. 81, bnr. 1 mfl. PlanID 4631 2020 001, som vist på plankart sist datert 1.2.2021 og med føresegner av revisjonsdato 1.2.2021. Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova § 12-12.».

De er med dette gjort kjend med vedtaket.

Reguleringsplanen omfattar følgjande dokument:

  1. Plankart A2_1.2.2021
  2. Føresegner_1.2.2021
  3. Planskildring med ROS_1.2.2021
  4. Illustrasjonsplan A3_1.2.2021
  5. Illustrasjon veier A3_1.2.2021
  6. 3D-Illustrasjoner
  7. Tekniske teikningar for stigning og kurvatur_3.12.2020
  8. Merknadsskjema offentleg ettersyn & høyring & begrensa høyring
  9. Uttaler offentleg ettersyn & høyring & begrensa høyring
  10. Planvedtak_25.3.2021

Grunna COVID-19, er ikkje planen lagt ut til gjennomsyn ved Alver kommune sine kommunehus.

Om klage og verknad av plan

Vedtaket er eit enkeltvedtak som kan klagast på, jf. Forvaltningslova § 28. Klagefristen er 3 veker rekna frå kunngjeringsdato, 10.4.2021, jf. Fvl. § 29 1. ledd.

Eventuell klage må vere skriftleg og skal sendast til:

Alver kommune,
postboks 4,
5906 Frekhaug,
eller som e- post til post@alver.kommune.no

Klagefrist er sett til 1.5.2021

Detaljreguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. PBL §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend detaljreguleringsplan må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jf. PBL §§ 15-2 og 15-3.

 


Sist oppdatert: 09.04.2021
Publisert: 09.04.2021