HeimInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarHøyring av konsesjonssøknad 420 kV sjøkabel over Fensfjorden

Høyring av konsesjonssøknad 420 kV sjøkabel over Fensfjorden

Statnett SF søkjer om konsesjon for ein ny om lag 7,7 km lang 420 kV sjøkabel over Fensfjorden. Sjøkabelen vil gå frå Mongstad i Alver kommune, innom Masfjorden kommune, til Iledalsvågen i Gulen kommune, vist i kart 1. Den nye sjøkabelen vil følgje traseen til det eksisterande sjøkabelanlegget over Fensfjorden, og doble kapasiteten mellom Haugsvær og Lindås.
Statnett SF søkjer om konsesjon i medhald av energilova.

Høyring av søknaden

Gjennom høyring av konsesjonssøknaden ønskjer vi å få høyringsinstansane sine synspunkt på planane og forslag til tiltak som kan redusere negative verknader.

Søknaden er tilgjengeleg på NVE sine internettsider

Trykk her for å sjå søknad


Du kan sende fråsegn på ein av følgjande måtar:

  • via skjema for fråsegner, som du finn på NVE sine internettsider
  • via e-post til uttalelse@nve.no (merk e-post med «Høyringsuttale» og saksnummer 202111858 i emnefeltet, og skriv namn og/eller organisasjonsnummer i innleiinga)
  • via brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO


Fråsegner må rettast til NVE innan 16. mars 2022.

Ved behov for utsett svarfrist, kan ein ta kontakt med NVE som vil vurdere mulighetene for ein kort fristutsetjing. Eventuelle henvendingar må sendas så snart som mogleg og kan rettas til sakshandsamar i NVE, Herman Lange Johnsen: herj@nve.no.

Trykk her for kart


Sist oppdatert: 03.03.2022
Publisert: 03.03.2022